Hopp til innhold

Vil ikkje støtte hall i Jølster

Leiar Arild Sandvoll i Førde fotball er imot at Førde kommune skal bidra økonomisk til ein fotballhall på Skei, skriv Firda. Han meiner kommunen heller bør bruke pengar på eigne anlegg. Jølster kommune har søkt Førde om eit tilskot på 2,3 millionar kroner og årleg driftsstøtte. Verken Ap, Sp eller Høgre har teke stilling til kva dei skal gjere med søknaden frå Jølster.