Hopp til innhold

- Vi har sikra oss ein nøkkelposisjon

Unge Venstre-leiaren meiner venstreveljarar vil oppleve at deira stemme gir partiet meir innverknad og påverknad enn på svært mange år. Og det sjølv om partiet altså ikkje blir med i regjering.

Sveinung Rotevatn

NØGD: Sveinung Rotevatn meiner det beste for Venstre var å stå utanfor regjering. Han meiner Venstre-veljarar dei neste åra vil oppleve at dei får meir innverknad enn dei har hatt på mange år.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Venstreveljarane kan sjå fram til nokre år der Venstre er ei ein nøkkelposisjon for å få gjennom ambisiøs miljøpolitikk, kunnskapspolitikk for Norge og ein offensiv samferdslepolitikk, seier Sveinung Rotevatn til NRK.no måndag kveld.

På ein pressekonferanse frå Stortinget kom avklaringa mange har venta på, Venstre og KrF blir ikkje med i ei firepartiregjering. Det blir berre Høgre og Frp som går vidare til forhandlingsbordet for å danne ei regjeringsplattform.

«Gjennomslag» og «armslag»

Rotevatn fekk for to veker utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane, og sikra med det Venstre sin niande representant på Stortinget. Etter to veker med forhandlingar valde partiet hans å ikkje gå inn i regjering. Unge Venstre-leiaren meiner likevel partiet har god grunn til å vere nøgde.

– Vi har blitt meir samde enn vi var då vi starta, men vi visste heile tida at det kom til å bli vanskeleg. Avstanden per i dag er for stor til at vi klarer ta ansvar for dag til dag politikken i regjering, men vi har lagt på bordet ei historisk forpliktande avtale mellom dei to regjeringspartia og Venstre og KrF. Den avtalen sikrar oss betydeleg gjennomslag på viktige saker for Venstre, seier han og nemner mellom anna:

– Vern av Lofoten, Vesterålen, Senja, Jan Mayen og andre viktige havområde. Meir vekt på barna sitt beste i asylsaker, og at handlingsregelen skal ligge fast, seier han.

Som Venstre-leiar Trine Skei Grande sa under pressekonferansen på Stortinget, meiner også Rotevatn at partiet med avtalen får både «gjennomslag og armslag».

- Framover får vi ein situasjon der regjeringa samarbeider forpliktande med oss i det daglege arbeidet på Stortinget, og det gir Venstre gjennomslag, og ikkje minst armslag til å markere eigen politikk og til å få gjennom eigen politikk, seier Rotevatn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skei Grande ankommer møtet med stortingsgruppa

IKKJE MED: Trine Skei Grande og Venstre har valt å stå utanfor den nye regjeringa. Dermed blir det ei blå-blå regjering med Høgre og Frp.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Vil ikkje nemne enkeltsaker

Under pressekonferansen skrytte både Venstre-leiar Trine Skei Grande og KrF-leiar Knut Arild Hareide over dei mange sakene dei hadde fått gjennomslag for i regjeringssonderingane. Skei Grande sa tydeleg at Venstre i tida framover vil vere eit konstruktivt opposisjonsparti.

Rotevatn meiner løysinga med ei topartiregjering, men med ein samarbeidsavtale mellom dei fire borgarlege partia i grunnen, vil vere det beste for Norge.

– Eg trur det er ei god løysing for Venstre, for landet og for å få makta tilbake til nasjonalforsamlinga etter at den har vore i asyl på kontoret til Jens Stoltenberg i åtte år, seier han.

Han held fast ved at det ikkje var enkeltsaker som gjorde det for vanskeleg for Venstre å gå i regjering.

– Eg vil ikkje nemne enkeltsaker utover at Venstre har eit program som er betydeleg meir ambisiøst på det som handlar om eit grønt skatteskifte, fornybare investeringar og forsking og høgare utdanning. Skal vi gå i regjering må vi vere trygge på at vi kan vere offensive og verkeleg køyre gjennom mange av dei viktige reformene vi har gått til val på.

– Nøkkelposisjon

– Den tryggleiken har vi ikkje per i dag, men vi har sikra oss nokre viktige grunnsteinar i samarbeidsavtalen med dei andre partia.

– Vi har sikra oss ein nøkkelposisjon til å få betre gjennomslag for Venstre sin politikk frå stortingsposisjonen enn det vi trur vi hadde fått i ei firepartiregjering, seier den unge Venstre-politikaren.

– Det er ikkje alle politiske saker som er omtalte i avtalen, og det er naturleg nok nokon saker vi ikkje greidde bli samde om. Og i saker som ikkje er nemnde i avtalen kan vi jobbe for gjennomslag i Stortinget, og det er det gode moglegheiter for. No har vi ei Høgre og Frp-regjering som ikkje har fleirtal, og som må lene seg på Stortinget.

– Der skal vi sitje og forvalte vårt partiprogram til det beste for Norge, og for å få mest mogleg gjennom, er lovnaden.