Hopp til innhold

Eid mobiliserer for Rotevatn - og Senterpartiet

Venstre og Sveinung Rotevatn ligg an til å få 23,5 prosent av røystene i hans heimkommune, Eid.

Sveinung Rotevatn

BRAKVAL I EID: Sveinung Rotevatn fekk 23,5 prosent i heimkommunen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det kan gje Rotevatn eit ekstra puff i håpet om å få utjamningsmandatet, og han gler seg stort over resultatet.

– Eg vil takke eidarane for støtta, det er veldig kjekt å sjå. Eg var sjølvsagt ekstra spent på min eigen heimkommune. Eg har alt takka eidarane på facebook-sida mi.

Men det er nesten like stor grunn til å merke seg resultatet til Senterpartiet i Eid - 31,8 prosent - ein framgang på 4,8. Samstundes får Høgre berre 10 prosent, de same som i 2009, og Arbeidarpartiet har ein kraftig tilbakegang.

Sigurd Reksnes

NESTEN LITT RØRT: Sigurd Reksnes i Eid Senterparti.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Utruleg kjekt

Standpunkta til partia i E39-saka forklarar mykje av dette resultatet. Sigurd Reksnes frå Eid Senterparti er svært glad for at så mange i Eid har røysta på hans parti.

– Det er utruleg kjekt, vi har vore veldig spente, vi har hatt tunge saker som sjukehussaka og E39 som vi har stått midt oppi. Det er nesten som eg blir litt rørt over slik framgang.

Og når 15 av 26 kommunar er talde opp er Senterpartiet større enn Høgre i Sogn og Fjordane, 21.4 prosent mot 18,3, medan Arbeidarparteit er største partiet med 27,7 prosent.