Pengesparing og døve øyre til råd frå rasekspertar er hovudårsaka til dei mange vegstengingane, meiner Drageset. Statens Vegvesen vart åtvara frå fleire hald, så dei visste om at det kom til å gå mange snøras på vegen. Rett nok tok dei litt omsyn til innspela, for i utgangspunktet hadde dei tenkt å la vegen gå ute i dagen i heile Grasdalen, seier Drageset.
Hard kamp
Det sto ein langvarig og hard politisk kamp for å få realisert den nye riksveg 15 over Strynefjellet, som sto ferdig i 1978.
Ras på Strynefjellsvegen. Arkivfoto NRK
- Vart åtvara
Men det vart lagt opp til å byggje vegen så billeg som råd, trass i sterke åtvaringar frå skredekspertar og lokalkjende.
Ein ting er at tunnelane vart bygde altfor låge og smale.
Men aller verst er vanskane med den for korte Grasdalstunnelen. Det har i vinter ført til lange bolkar med vegstenging grunna stor rasfare, og milliontap for transportnæringa.
Dyrt å ta att
Minst 40-50 millionar må til for å betre noko på rasfaren. Heile strekninga frå utgangen av Grasdalstunnelen til Oppljostunnelen er rasfarleg.
- Vi hadde sleppt alle desse vanskane med skikkeleg planlegging, og om vegvesenet ikkje berre hadde teke omsyn til å byggje vegen så billeg som råd, meiner Oddvin Drageset.