- Skriv ut pasientar for tidleg

Helse Førde skriv ut pasientar før tida, og det gjer dei for å sikre inntekter. Det hevdar kommuneoverlege i Flora, Jan Helge Dale.

Jan Helge Dale

KRITISK: Jan Helge Dale meiner Helse Førde skriv ut pasientar før tida og hevdar dei gjer dette for å sikre seg inntekter.

Foto: NRK

Etter at samhandlingsreforma kom på plass 1. januar i år, fekk kommunane større ansvar for å ta seg av sjuke og eldre. Eit av måla med reforma var å få pasientar raskare ut frå sjukehuset og heim i kommunane.

Men i Helse Førde går det litt vel fort, meiner kommuneoverlegen. Han meiner helseføretaket gjer dette for å sikre seg inntekter.

– Vi opplever, kanskje spesielt frå ortopedisk avdeling, at pasientane kjem litt fort. Dei er heller ikkje så godt førebudde som vi kunne ønskje i forhold til planar som vi skal vidareføre i forhold til behandling i kommunen, seier Jan Helge Dale til NRK.no.

Må betale dyrt om dei er for treige

I Sogn og Fjordane har kommunane fått om lag 12 millionar kroner for klare å ha eit godt tilbod til pasientane etter sjukehusopphaldet.

Om kommunane ikkje klarer å ta i mot ein utskrivingsklar pasient må dei betale 4000 kroner i døget til helseføretaket.

Mange kommunar opplever no å måtte betale store summar, til dømes Fjaler i Sunnfjord som for januar må ut med 360 000 kroner til Helse Førde.

– Skriv dei ut for tidleg for å sikre inntekter

I Flora var dei godt rusta. Men kommuneoverlegen fryktar Helse Førde har budsjettert med at kommunane skal måtte betalt for såkalla liggedøgn, og at dei dermed skriv ut pasientane tidlegare enn dei bør.

– Kommunane skal sjølvsagt ta heim dei pasientane som er utskrivingsklare. Men når ordninga no er slik at vi må betale frå første dag, så er det fare for at datoen for at ein pasient blir utskrivingsklar blir skubba litt framover, seier Dale og legg til:

– Spesielt er det fare for dette sidan sjukehuset sjølvsagt har budsjettert med å få inn att alle pengane som dei vart fråtekne og som var sende ut til kommunane, seier han.

Avviser påstanden

At pasientar blir skrivne ut for tidleg av økonomiske årsaker blir avvist av sjefen for samhandling i Helse Førde, Vidar Roseth.

– 12 millionar kroner er ikkje ein veldig stor sum i den store samanhengen i Helse Førde sitt budsjett. Men det er ikkje slik at vi prøver å få inn att mest mogleg pengar og prøver å lure kommunane i forhold til det, seier Roseth.