Hopp til innhold

Ber regjeringa om pengar

Skal ein lukkast med samhandlingsreforma må kommunane få meir pengar til å byggje opp infrastruktur, meiner KrF.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Gjennom samhandlingsreforma blir mykje av ansvaret for pasientane flytta frå sjukehusa til kommunane. KrF i Sogn og Fjordane seier dei ønskjer reforma velkommen, men meiner likevel det er ein veg å gå.

I ei fråsegn ber dei regjeringa løyve meir pengar slik at kommunane kan vere betre rusta til å ta i mot dei mange pasientane som no skal få behandling lokalt.

Mange er ikkje klare for reforma

Målet med samhandlingsreforma er at helsevesenet skal henge betre saman, slik at ein mellom anna kan førebyggje sjukdom og gje folk hjelp der dei bur. Pasientane skal frå nytt tidlegare ut frå sjukehus og komme seg til hektene på kommunale institusjonar.

Fleire har kritisert regjeringa for at det har gått for fort i svingane, mellom anna fordi dei meiner kommunane ikkje er klare.

Berre i Sogn og Fjordane har talet sjukeheimsplassar dei siste åra gått ned frå 1200 til 1100 og mange kommunar fryktar dei ikkje har kapasitet til å ta i mot ei bølgje av pasientar frå nyttår.

Stort behov for meir pengar

KrF i Sogn og Fjordane meiner staten må gje kommunane meir fleksibilitet når samhandlingsreforma skal innførast. Dei seier kommunane treng meir tid til å få på plass samarbeidsavtalene med helseføretaka.

Rådsmøtet for KrF Sogn og Fjordane ber no regjeringa om å løyve pengar slik at kommunane kan byggje opp infrastrukturen sin. Mellom anna trengst det pengar til etterutdanning av tilsette og distriktsmedisinske senter.

I tillegg vil KrF ha ei avklaring i høve til fleire omgrep som vert hyppig nytta i samband med reforma. Kva er utskrivingsklare pasientar, kva er øyeblikkeleg hjelp og kva er folkehelseansvaret spør KrF.