Hopp til innhold

1 av 3 kommunar har ikkje nok institusjonsplassar

Fleire må bu på dobbeltrom, sjølv om det no har gått 14 år sidan eineromsreforma kom.

Eldre på sykehjem

FÅR IKKJE EINEROM: Fleire kommunar i fylket tilbyr ikkje einerom til dei eldre. Illustrasjonsfoto.

Foto: Scanpix

1 av 3 kommunar i Sogn og Fjordane kan ikkje tilby dei eldre eigne rom på omsorgssentera. Det syner tal NRK.no har henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

KS: – Kvar skal vi ta pengane frå?

Fylkesleiar Olav Lunden i Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS) seier kommunane har ei betydleg utfordring med tanke på den venta eldrebølga og samhandlingsreforma som snart kjem.

Olav Lunden

KS-LEIAR: Olav Lunden er fylkesleiar i KS.

Foto: Leikanger kommune

– Vi har store utfordringar som vi må ta tak i. Det er mange krav og ønskje som innbyggjarane vil ha oppfylte av kommunane, og samhandlingsreforma er kanskje den største utfordringa vi står ovanfor, seier Lunden og legg til:

– Men kvar skal vi ta pengane frå? Dette er ei så stor reform at det kanskje burde vore øyremerka midlar. Kommunane kjem til å få betydelege utfordringar med dette.

Det er i år 14 år sidan eineromsreforma kom, men framleis er det 1 av 3 kommunar i fylket som ikkje har nok institusjonsplassar.

Gloppen innfridde i fjor

Først i fjor sommar klarte Gloppen kommune å innfri løfta frå eineromsreforma frå 1997. På avdelinga bur det i dag 28 personar, og alle har no einerom, men før det mangla kommunen institusjonsplassar og fleire måtte dele rom med andre.

– Dei som ikkje kunne bu ilag med andre, vart ikkje plasserte på dobbeltrom. Men ein del personar likar faktisk å bu ilag med andre, så det er ikkje alltid like heilsvart, seier helse- og sosialsjef Ragnhild Eimhjellen i Gloppen kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ragnhild Eimhjellen er helse- og sosialsjef i Gloppen

HELSESJEF: Ragnhild Eimhjellen er helse- og sosialsjef i Gloppen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Ho meiner det beste er å ha einerom, men at det har vore vanskeleg å oppfylle krava. Helse- og sosialsjefen trur det vil bli ei stor utfordring med samhandlingsreforma. Ho får støtte frå Lunden i KS:

– Eg trur kommunane må setje seg ned i felleskap. Eg trur vi må løyse ein del i fellesskap, seier han.