Hopp til innhold

- Send julekort til Liv Signe!

Bjørn Helgesen er så skuffa over eige parti, at han no oppmodar folk å sende julekort til partileiaren med bøn for sjukehusa.

Bjørn Helgesen

EI JULEHELSING: Bjørn Helgesen meiner Senterpartiet sviktar veljarane sine og ber folk om å sende julekort til partileiar Navarsete med beskjed om å endre stil.

Foto: Odd L. Drabløs, Fjordenes Tidende

- Send eit julekort med krav om at Senterpartiet står på eigne program og eigne lovnader, seier Bjørn Helgesen frå Selje til Fjordenes Tidende.

- Sviktar veljarane

Sjukehusaksjonistar i Oslo

VISTE MISNØYE: Førre måndag var tusen samla framføre Stortinget med ein klar bodskap; La lokalsjukehusa leve!

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Han er så skuffa over partiet han har stemt på sidan 1981, og meiner Senterpartiet ikkje har lang levetid att om ikkje lokalsjukehusa vert verna frå nedlegging.

- Dersom vi sviktar i sjukehussaka har vi att tre år i norsk politikk, meiner han.

Mest skuffa er han over partileiar Liv Signe Navarsete.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Navarsete er ekko av ministeren

Sjukehusdemonstrasjon i Måløy

MÅLRETTA: Det er mange i Nordfjord som er uroa over akutt og fødetilbodet om sjukehuset i Eid vert redusert. Difor samla dei seg på torget i Måløy til protest mot endringane.

Foto: Øystein Torheim/NRK

Førre måndag var over tusen person i protestog i Oslo mot nedlegging av lokalsjukehusa i Norge. I Måløy møtte hundrevis av menneske opp for å gå i tog der.

Men Helgesen meiner Navarsete måndag ikkje viste kva parti ho kjem frå , og at ho vart eit ekko av helsmenister Anne Grethe Strøm- Erichsen frå Arbeidarpartiet.

- Liv Signe sa at det berre var EU som kunne få oss til å gå ut av regjering og så la ho til vaspratet om endra innhald i lokalsjukehusa. Det held ikkje i det heile, og ho burde skamme, tordnar Helgesen til avisa.

Eit kort for kampen om sjukehusa

Sjukehusdemonstrasjon i Måløy

OVERFØRTE TOGET: Demonstrasjonen i Måløy vart vist på storskjerm i Oslo.

Foto: Øystein Torheim/NRK

Han ber alle som kjempar for lokalsjukehusa i Norge om å sende eit kort i posten til Senterpartileiaren.

- Vi lova veljarane å kjempe for tilboda i distrikta. Det var difor dei raudgrøne vann valet i fjor, og då vert det meiningslaust å prøve å finne formuleringar for å dekke over det største sviket i partiet si historie, seier Helgesen til avisa.