Ingen lovnader frå helseministeren

Det omstridde brevet frå helseministeren til Vågsøy Arbeidarparti - av mange tolka som eit klarsignal til sjukehusomleggingane - er ikkje meint som eit endeleg ja.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

MØTTE DELEGASJON: Anne Grete Strøm-Erichsen tok imot åtte partifeller frå Sogn og Fjordane.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Nils P. Støyva

FYLKESLEIAR: Nils P. Støyva, leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, møtte torsdag ettermiddag helseministeren saman med ein delegasjon frå fylket.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det trur fylkesleiar Nils P. Støyva som saman med Arbeidarparti-representantar frå dei fire vertskapskommunane til Helse Førde torsdag ettermiddag var i møte hos helseministeren.

– Ministeren lytta

– Vi fekk ingen lovnader. Ministeren var veldig open og lytta til oss. Ho høyrde på argumenta. Vi hadde ei meiningsutveksling, men ho presiserte at ho ikkje kunne ta noko avgjerd før saka er nøye drøfta i departementet og på regjeringsnivå , seier Støva til NRK etter møtet der også partisekretær Raymond Johansen deltok.

Delegasjonen med representantar frå fylkespartiet og Ap-arar frå dei fire kommunane med somatisk spesialhelseteneste i Sogn og Fjordane, møtte helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen på statsråden sitt kontor i Oslo. Opphaveleg var det sett av éin time, men møtet varte i nærmare to timar.

Sjukehus-brev har skapt harme

Møtet fann stad samtundes som sinnene er i kok i Nordfjord etter at Strøm-Erichsen i eit brev til Vågsøy Arbeidarparti går langt i å velsigne styra i Helse Førde og Helse Vest sine nedleggingsvedtak av føde- og ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus. Som ein reaksjon på brevet melde Ap-ordførar Roger B. Silden seg ut av Arbeidarpartiet i protest onsdag.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Brev frå Anne-Grethe Strøm-Erichsen

HAR SETT SINNA I KOK: Dette brevet frå helseministeren til Vågsøy Ap blir sett på som ei velsigning av omleggingane ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Foto: Skjermdump

– Det er mange som tolkar dette brevet som eit klarsignal for omleggingane ved Nordfjord sjukehus?

– Det trur eg ikkje er rett. Det er ikkje tatt noko avgjerd i denne saka. Ministeren ville gi seg tid til å diskutere dette nøye både internt i departementet og i regjeringa.

– Forstod ho reaksjonane på brevet?

– Nei, dette brevet var forsåvidt ikkje tema i diskusjonane i det heile tatt. Eg kjenner heller ikkje til innhaldet i brevet, seier Støyva.

Eid, Florø, Førde og Årdal

Med på møtet var, forutan fylkesleiar Nils P. Støyva, fylkesnestleiar og Eid-ordførar Sonja Edvardsen, Hilmar Høl (Årdal, og medlem av arbeidsutvalet), Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid (stand-in for Lærdal), Jorunn Eide Kirketeig og Johan Kjærstad frå Førde, Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal og Siri Sandvik frå Eid Ap.

– Vi la fram vårt syn, kommunepartia fekk presentere sine syn, og ministeren og partisekretær Raymond Johansen lytta på oss, fortel Støyva.

– Fremja delegasjonen ulike syn?

– Desse kommunepartia har ikkje akkurat samme syn, men fylkespartiet var veldig klare i høve til det som representantskapen har vedtteke på dette området.

I vedtaket Støyva viser til heiter det at Sogn og Fjordane Arbeidarparti går inn for framleis føde-, akutt-, og ortopedifunksjonar ved lokalsjukehusa - og eit sterkt sentralsjukehus.

Trur på avgjerd rett før eller etter jul

I førre veke gav styret i Helse Vest endeleg klarsignal til omleggingane i Helse Førde. Vedtaket inneber at føde- og ortopedi blir lagt ned i Lærdal og Eid, og siste rest av spesialhelsetenester ved det som ein gong var Florø sjukehus, blir fjerna.

No er det opp til helseministeren å eventuelt stoppe eller gjere endringar i vedtaket.

– Dette vil nok ta litt tid. Rett før jul eller rett over jul er truleg tidsperspektivet vi snakkar om, trur Støyva.

– Vanskeleg sak for oss

– Kva kjensle sit du att med etter møtet med statsråden?

– Eg sit med ei kjensle av at både ministeren og representantane frå Youngstorget lytta på oss, høyrde på oss og tok med seg argumenta vi hadde.

Støyva legg ikkje skjul på at sjukehussaka ligg som ei klam hand over partiet.

– Det er klart denne sjukehussaka er ei vanskeleg sak for Arbeidarpartiet og heile det politiske miljøet i Sogn og Fjordane. No må vi få ei avgjerd på dette, og vonaleg ei løysing som Sogn og Fjordane Arbeidarparti ønskjer, seier fylkesleiaren.