Hopp til innhold

- Rart å prioritere hundar før barn

KrF-politikar Trude Brosvik synest det er uforståeleg at ein hjelper hundar i staden for gatebarn. Ho deler Mattilsynet si uro over at mange no importerer laushundar frå utlandet.

Video f6f2738c-b813-4f71-81d5-b538756334b6.jpg

SJÅ TV-SAKA: Er laushundar viktigare enn fattige gatebarn?

– Eg synest det er litt rart når det er så mange menneske som har det ilt, at det er hundar ein vel å fokusere på, seier ho.

Etter at regelverket for import av hundar var lempa på frå årsskiftet, har det kome masse laushundar, spesielt frå Romania, til Norge. Men desse hundane kan føre med seg farlege sjukdomar både til dyr og menneske, og både Mattilsynet og politikarar er no uroa over utviklinga.

Farleg for både menneske og dyr

Grenseveterinær ved Oslo Lufthavn, Marit Forbord, seier dei som importerer slike hundar set folkehelsa på spel.

– Det er ei risikabel handling å frakte dyr over grenser, og gatehundar inneber ein ekstra risiko, seier ho til NRK.no.

Mellom anna fryktar ein at desse hundane kan ta med seg såkalla ”revens lille bendelorm” til Norge. Dersom menneske får i seg bendelormegg frå avføringa til rev eller hund kan ein i det verste fall dø, ifølgje Mattilsynet.

(Artikkelen held fram under biletet)

ROMANIA/

GATEHUND: Mange vil redde gatehundar frå grufulle forhold. Men ingen veit i dag kor mange hundar som kryssar grensa.

Foto: MIHAI BARBU / REUTERS

Har henta sju hundar

Dyrevernar Jenny Rolness frå Florø er blant dei som har teke til seg gatehundar frå Romania. Til no har ho gitt sju rumenske hundar eit nytt liv.

– Eg kom over bilde på internett som viste forholda. Det var hundar som var både utsulta, avmagra og mishandla. Eg var ikkje klar over at dette gjekk føre seg i dagens Europa. Eg fekk sjokk, seier ho til NRK.no.

Ho avviser at gatehundane er så smittefarlege som Mattilsynet vil ha det til.

– Eg synest fokuset frå Mattilsynet har vore overdrive.

Fleire eigarar av importerte hundar rasar mot både Mattilsynet og NRK etter oppslaga om hundesmitte frå utlandet. Fleire seier dei er ekstra merksame på smitterisikoen, og kjenner seg urettferdig behandla.

Trude Brosvik

UROA: Trude Brosvik har vanskar med å forstå tankegangen hos dei som importerer laushundar frå utlandet.

Foto: Bård Siem / NRK

– Større omsorg for dyr enn menneske?

KrF-politikar Trude Brosvik deler uroa til Mattilsynet om innførselen av nye dyresjukdomar. Ho forstår heller ikkje tankegangen til dei som innfører hundane til Norge og seier det alltid har forundra ho at folk kan ha større omsorg for dyr enn for folk.

– Ein stiller seg nokre spørsmål. Eg har tenkt på det før og, at det er mykje engasjement for dyr frå andre land, men når det kjem til menneske, då er det liksom tommelen ned, seier ho og legg til:

– Dei kan segle sin eigen sjø og folk seier dei kan hjelpast i det landet dei bur og liknande. Der har alltid forundra meg, seier ho.

– Er det uforståeleg at det verkar som folk har større hjarte for eit dyr enn for ein barneheimsbarn frå til dømes Romania?

– For meg er det uforståeleg, ja.

– Begge deler

I Florø meiner dyrevernar Jenny Rolness at det går an å gjere begge deler.

– Ein må kunne engasjere seg både for dyr og menneske. Ein må kunne ha engasjement for begge partar, utan at det eine skal gå ut over det det andre, seier ho.

Fleire krev no at Mattilsynet får ein slutt på importen av laushundar umiddelbart. Blant dei er ein Frp-politikar og ein veterinær.