Hopp til innhold

- Må ikkje haste fram generalforsamling i Fjord1

Neste generalforsamling i Fjord1 er planlagt i mai, men Bjørn Hollevik frå Høgre meiner avgjerda frå Konkurransetilsynet må ligge på bordet først.

Bjørn Hollevik (H)

VENT: Bjørn Hollevik (H) ser ingen grunn til å gjennomføre generalforsamlinga i ekspressfart. – Vent til Konkurransetilsynet har sagt si, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg meiner vi bør smørje oss med tolmod og dra ut tidspunktet for generalforsamlinga så langt som mogleg, seier Bjørn Hollevik, fylkestingspolitikar for Høgre.

Det stormar på ny kring Fjord1 og avgjerda om å selje selskapet til Torghatten. No er det strid om eit utbyte på 50 millionar kroner skal betalast ut til dei noverande eigarane eller ikkje. Styret seier ja, medan fylkesordførar Jenny Følling er klar på at det i kjøpsavtalen med Torghatten går fram at Fylkeskommunen og Havilafjord AS ikkje skal krevje utbyte i år. Noko ho også meiner fylkestinget hadde informasjon om då eit knapt fleirtal sa ja til sal.

Meiner Konkurransetilsynet si meining er avgjerande

Oppkjøpet som er det største på ferjemarknaden på fleire år blir vurdert av Konkurransetilsynet. Kva konsekvensar dei ser oppkjøpet får for konkurransen i marknaden og stiller seg til handelen er ikkje klart, men det er antyda at eit svar kan kome mot slutten av juni. Statens vegvesen har allereie bede tilsynet om å stogge samanslåinga. Hollevik meiner ei generalforsamling først er aktuell når Konkurransetilsynet har konkludert.

– Godkjenner dei salet, så kan ein følgje aksjonæravtalen. Om det ikkje blir godkjent, då er føresetnad om utbyte vekke, og då bør ein lytte til styret og utbetale utbyte, seier Hollevik.

Jenny Følling

MAI: Ei generalforsamling for Fjord1 er planlagt i mai, men fylkesordførar Jenny Følling (Sp) seier tidspunktet er under løpande vurdering.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet har på si side ikkje ynskt å seie noko om eksakt tidspunkt for generalforsamlinga. Samstundes går ho langt i å stadfeste at generalforsamlinga ført blir halden etter at Konkurransetilsynet sitt synspunkt er klart.

– Vi vil ha løpande prosess på det, også sett i lys av når svaret frå Konkurransetilsynet kjem. siste frist for å halde generalforsamling ut frå aksjelova er 30. juni. Så ser vi korleis og kor tid avgjerdene kjem.