Hopp til innhold

Trygg Trafikk fryktar mange dårlege ungdomsbilar

– Foreldre som forsikrar bilen til ungdomen sin, veit ikkje kva ansvar dei tek på seg, seier fylkessekretær i Trygg Trafikk, Audun Heggestad.

Trafikkulykke i Nordfjord

FRIFUNNE: Begge dei to mennene som var tiltalte for bildrap etter dødsulykka på Haus er frifunne for bildrap.

Foto: Øystein Torheim

Heggestad er redd at ungdomsbilane ikkje er i forsvarleg stand når dei vert brukte.

– Eg trur det er mange som ikkje klar over kven som har ansvar, seier han.

Vart dømde etter dødsulykke

Audun Heggestad

BEKYMRA: Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Foto: Arne Eithun / NRK

I dag kom dommen etter ulykka der to gutar i tenåra omkom på Haus i Eid i fjor.

Bilføraren og bileigaren vart tiltalte for aktlaust bildrap, ettersom dekka var heilt nedslitte og bilen var i dårleg stand.

Men dei to tiltalte vart i Fjordane tingrett frifunne for drap på kameratane.

– Dei vart ikkje gjort skuldige i bildrap, men dei dei vart heller ikkje frifunne for at dei køyrde ein bil som ikkje var i forskriftsmessig stand. Dei fekk jo både bot og fengsel for det, seier Heggestad.

Han meiner det er tragisk at to ungdommar mista livet i ulykka på Haus.

– Foreldra føl ikkje med

Fylkessekretæren fryktar det er mange foreldre som står som bileigar, som ikkje veit kva konsekvensar det kan få ved ulykker:

– Dei fleste er ikkje er klar over at bileigaren har eit ansvar for at bilen er i forsvarleg stand. Ifølgje vegtrafikklova skal bileigar sørgje for at bilen ikkje blir brukt om den ikkje er i forskrifsmessig stand, seier Heggestad og legg til:

– Eg trur det er mange foreldre som ikkje følgjer godt nok med når det gjeld dette.

Far til 20-åringen, som er den formelte eigaren av ulykkesbilen, har tidlegare vedteke ei bot og inndraging av førarkortet som følgje av at han let sonen disponere ein bil som hadde dekk som ikkje var i forsvarleg stand. Denne saka var rettskraftig før bildrapssaka kom for retten.

Haus-ulykka - dekka på ulykkesbilen

NEDSLITTE: Slik såg dekka på ulykkesbilen på Haus i Eid ut.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK