Også samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) ønskjer meir merksemd mot unge førarar i prøvetida etter dei har fått førarkort, skriv Adresseavisen.
Ser til Australia og Storbritania
– Mannlege bilførarar i 18-19-års alderen har dobbelt så stor sjanse for å bli ramma av ei dødsulykke som førarar i gruppa 20-24 år, seier Kleppa og opplyser at Statens vegvesen nå vil ta affære.
Det er erfaringane frå liknande merking i Australia og Storbritannia som har ført til at vegvesenet innan 2014 vil ta dette initiativet. Dermed kan det også bli aktuelt med krav om merking av køyretøy med unge sjåførar i prøveperioden.
- Kva meiner du om å merka bilar med unge sjåføra? Sei meininga di nedst i artikkelen...
– Det er viktig å bevisstgjera dei ferske sjåførane i forhold til ansvaret med å køyra bil. Du er ikkje utlærd sjølv om du har tatt sertifikatet, seier Kleppa.
NAF positive
Leiar av trafikkpolitisk gruppe i Norges Automobilforbund (NAF) Lars Petter Endresen, seier at dette i utgangspunktet høyres ut som ein bra idè:
– Kanskje dette hadde vore ein idè, men for at bilen skal bli merka må jo den unge føraren ha ein eigen bil, seier Endresen.
Han seier at det må ei skikkeleg utreiing til om denne idèen skal realiserast.