Statsmeteorolog Tone Christin Thaule ved vêrvarslinga på Vestlandet seier juli har vore prega av ustabilt bygevêr. Og det er særleg dei indre delane av fylket som har fått mykje nedbør.
– 25. og 26. juli var dagar med mykje nedbør mange stader. Stryn fekk rekorden med heile 80 mm i løpet av eit døger. I løpet av heile månaden har det kome dobbelt så mykje nedbør som normalt her.
Åttande våtaste sidan 1990
Vik har også hatt dobbelt så mykje nedbør som det som er normalt., men Brekke i Sogn har berre 73 prosent av det som er normalt.
– Førde ligg omtrent på det som er normalt, så det er store skilnader, seier ho.
Ser vi Norge under eitt er juli i år den åttande våtaste sidan 1900. Når det gjeld temperaturen er det den 30. varmaste i rekka.
- LES OGSÅ:
Vått, men varmt
Thaule seier juli har vore prega av mykje forskjellige ver. Men sjølv om det har regna mykje, har det stort sett vore varmt.
– Lærdal har hatt 23 dagar med over 20 grader. Enkelte andre målestasjonar har hatt ganske mange dagar med temperaturar over 20 grader midt på dagen. Vi kan seie det har vore varmt og fuktig i juli.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vent deg meir regn
Ho forklarar det er ganske vanleg at det blir slikt.
– Når det er varmt, blir det mykje energi oppe i skyene som igjen produserer mykje nedbør. Så dette heng saman, seier ho
Når det gjeld dei første dagane i august, trur ho at det vêret vi har hatt i det siste vil halde fram.
– Det vil komme litt byger, særleg på ettermiddagen og i indre strøk. Men det vil også bli ein del sol. På onsdag vil nok bygene treffe dei fleste stadane i Sogn og Fjordane.