- Det er jo litt trist, men det gler oss at andre har meir regn, seier bygdefolk i Takle til NRK.
Nedbørsstatistikken for september viser at Takle i Gulen er knust av fleire stader i fylket og rundt om i landet. Dermed har ikkje bygda lenger den uoffisielle NM-tittelen i nedbør.
- Vi har hatt fem dagar med opphaldsvêr i september - tru det eller ei, seier Karin Takle ved målestasjonen i Takle.
Dette er "tørre" fakta...
Takle fekk i september 535,5 millimeter nedbør. Det er langt mindre enn Hovlandsdal i Fjaler, som med 604,7 millimeter var våtast i Sogn og Fjordane.
Også Eimhjellen i Gloppen fekk meir regn enn Takle. Her kom det 540,1 millimeter nedbør.
Men sjølv om vi i Sogn og Fjordane nok synest vi har fått vår del av nedbøren i september, kan vi på langt nær måle oss med landstoppen:
Lurøy i Nordland fekk nemleg 824,7 millimeter nedbør...
Langt opp til norgesrekorden
I Takle var gjennomgangsmelodien torsdag at nordlendingane gjerne kan halde på statusen som desidert våtast i Norge ei stund til.
- Vi er ikkje misunnelege. Og det plagar oss veldig lite, får NRK høyre på staden.
Her er nokre andre noteringar frå Sogn og Fjordane:
Førde 433,8 (164% av normalen)
Sandane 297,7 (183% av normalen)
Vangsnes 160,4 (108% av normalen)
Fjærland 353,4 (164% av normalen)
Vestlandets hovudstad, Bergen, fekk til samanlikning 366,8 millimeter nedbør i september.
PS: Hovlandsdal i Fjaler har norgesrekorden i tal millimeter septembernedbør på ein månad. Den er på heile 929 millimeter. Takles "bestenotering" er på 847,6 millimeter.