Hopp til innhold

Berre 50 millimeter frå rekord

Målestasjonen til Arne Wergeland i Brekke i Gulen kommune målte i fjor berre 2 514,3 millimeter nedbør. Det er knapt 1 100 millimeter mindre enn normalen.

Brekke

NESTEN REKORD: Året 2010 vart mellom dei tørraste for Brekke.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Og berre 50 millimeter meir enn nedbørsmengda i 1959.

Ein treng heller ikkje gå så langt attende før ein finn ein noko tørrare månad. I 2002 målte Arne Wergeland 2 495 millimeter. I 1960 kom det 2 508 millimeter.

- Med knapt 75 millimeter hadde vi den første januarmånaden nokosinne med under 100 millimeter nedbør. Samstundes hadde vi også mai månad med flest dagar under 100 millimeter, seier Wergeland.

Våtare enn Takle

Det er Takle som er landets utnemnde våtaste plass. Men Brekke plar ha større nedbørsmengder enn i Takle. Det skjedde også i 2010. Takle kan vise til 2 192 millimeter nedbør.

I statistikken til Wergeland, som går attende til 1957, finn ein berre 13 år der årsnedbøren har vore under 3 000 millimeter.

- Det ser ut som om Takle får mest på dei store nedbørsdagane. Men månadane sett under eitt, så plar vi vere dei med mest nedbør. Vi har nok fleire regndagar enn Takle, seier Wergeland.

150 mm frå rekord

Karin Takle har hatt verstasjon på Takle sidan 1950. Ho vedgår at 2 192 millimeter nedbør ikkje er det heilt store for norges våtaste plass.

Normalen er 3 100. Det mest nedbørsfattige året var i 1959 med 2 041 millimeter.

- Nei, eg trur nok det er mange som har meir nedbør enn oss. Det var ikkje mange månadar vi hadde meir enn normalen. Men det er berre kjempegreier. Vi kan godt ha fleire slike år, ler ho.