Hopp til innhold

Unngjekk farleg tunnelbrann

Brannsjefen i Aurland prisar seg lukkeleg for at brannen i eit vogntog på E16 i ettermiddag skjedde i friluft og ikkje i ein av dei mange tunnelane i området. - Dette kunne gått skikkeleg gale, seier Arvid Gilje.

Video Vogntog i brann på E16

SJÅ: Småflasker med butan i hytta førde til kraftige eksplosjonar under brannen. Videoen er filma av ein yrkessjåfør som kom til åstaden.

- Då vi kom til ulukkesstaden var det enorme flammar og ei enorm røyksky. Hadde dette skjedde inne i ein tunnel kunne det fått katastrofale konsekvensar seier Gilje til NRK.no.

Tok fyr mellom fleire lange tunnelar

Det utanlandske vogntoget med polsk sjåfør var på veg frå Lindås til Linköping i Sverige med restavfall då bilen tok fyr utanfor Fretheimtunnelen på E16.

Like før har vogntoget passert både Gudvangatunnelen som er over 11 kilometer lang, og Flenjatunnelen som er 5 kilometer.

Berre vel ei mil lenger framme frå ulukkesstaden ligg verdas lengste biltunnel, Lærdalstunnelen på nær 25 kilometer. Tunnelane som ligg på E16 i Sogn og Fjordane ligg midt på den sterkt trafikkerte fartsåra mellom Bergen og Oslo.

Brannsjef Arvid Gilje

Brannsjef Arvid Gilje i Aurland kommune meiner det var hell i uhell at brannen i vogntoget tok til i friluft.

Foto: Arne Veum

- Heldigvis skjedde ikkje dette i ein av tunnelane, seier Gilje.

For sjåføren hadde akkurat kome ut av Fretheimtunnelen då han høyrde eit smell. Han stogga bilen i køyrebana og sprang ut. Deretter eksploderte eit av dekka og på kort tid stod førarhuset i full fyr.

Fleire eksplosjonar

Då brannvesenet kom til staden var førarhuset på semitraileren overtent. Og ei stund måtte brannvesenet holde avstand frå vogntoget.

Vogntog i brann på E16

Vogntoget som tysdag ettermiddag tok fyr på E16 i Flåm hadde akkurat passert to lange tunnelar og var på veg mot verdast lengste biltunnel. - Dette kunne gått skikkeleg gale, seier brannsjef Arvid Gilje.

Foto: Arne Veum

- Det small tre gongar i nokre små flasker med propangass inne i førarhuset. Det tok ikkje lang tid før det også tok fyr i lasta, seier Gilje.

Han seier brannen utvikla svært mykje svart tjukk røyk og forklarar at dette kjem av at det var mykje plast og olje som tok fyr.

- Hadde dette skjedd i ein tunnel hadde det ikkje tatt lang tid før heile tunnelen hadde vore fylt med røyk. Då kunne det gått mykje verre med både sjåføren og dei andre bilistane som ferdast på strekninga, seier brannsjefen.

Vanskeleg opprydding

Brannen er no sløkt, men det vil ta tid å få fjerna det utbrente vogntoget.

- Vi må ha på plass både kranbil, gravemaskin og container for å få fjerna både avfallet som er i lasterommet og dei utbrende bildelane, forklarar Gilje.

På grunn av oppryddingsarbeidet er det manuell dirigering forbi staden. Det er førebels uvisst når vegen blir opna for fri ferdsel.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.