Hopp til innhold

Vogntog i brann på E16

Eit utanlandsk vogntog tok like før klokka 13 fyr på E16 i Flåm. Vegen var ei stund stengt på staden, men er no opna med manuell dirigering.

- Føraren av vogntoget har hatt gassflasker i førarhytta som han nytta i samband med matlaging. Det var truleg ein lekkasje i desse som starta brannen, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Føraren kom seg ut i tide

Politiet fekk melding om brannen klokka 12.52 og sendte ut både brannvesenet, politi og helsepersonell til ulukkesstaden ved Fretheimtunnelen på E16 mellom Flåm og Aurlandsvangen.

- Det er ikkje meldt om personskade. Føraren av bilen kom seg ut før brannen starta, seier Hope.

Det skal ikkje ha vore andre køyrety eller personar involvert opplyser politiet som melder om stor røykutvikling på staden.

Føraren av det utanlandske vogntoget skal ha opplyst at det ikkje er eksplosjonsfare knytt til lasta.

Vegen er opna att

E16 var ein periode stengt på staden.

- Det er uklart kor tid vegen kan opne att. Først må brannen sløkkast fullstendig, og de utbrente køyretyet må fjernast frå staden, sa operasjonsleiar Wenke Hope i politiet til NRK.no like før klokka 14.

Men ved 14.20 tida opplyser vegmeldingssentralen at vegen no er opna med manuell dirigering med ledebil.

Det er framleis uklart kor tid vegen kan opne for fri ferdsel. Ifølgje vegmeldingssentralen danna det seg lange køar på begge sider av ulukkesstaden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.