- Eit spetakkel utan like

Ein million nordmenn kan måtte byte fastlege som fylgje av samhandlingsreformen. Helseministeren reknar omlag 1000 pasientar på kvar fastlege. - Eit spetakkel utan like, seier legar.

Blodtrykk
Foto: Colourbox

- Det blir eit rabalder eg trur Noreg knapt har sett maken til før, seier fastlege i Fyllingsdalen i Bergen, Hans Kristian Bakke.

Helseminister Bjarne Håkon Hanssen har tidlegare uttala at det skal verte mange fleire fastlegar, og at legane skal ha færre pasientar på listene sine. I dag kan ein fastlege ha ei øvre grense på 2500. Statsråden har antyda at talet på pasientar etter reformen vil ligge på kring 1000 per fastlege.

Les òg: Ti nye «sykehus» til Hordaland

Les òg: Forventar fortvila pasientar

Les òg: - Berre valflesk

Les òg: - Sjuke eldre vil lide

- Tvinger folk til å byte lege

- Dersom det her er snakk om ein heilt firkanta modell betyr dette at me vil måtte flytte på omlag ein million nordmenn til ein ny fastlege mot viljen deira, seier leiar i Allmennlegeforeningen, Jan Emil Kristoffersen.

Viktige verdiar

Kristoffersen både håpar og forventar at statsråden ikkje vil tvinge folk til å byte lege.

- Det hadde vore veldig uheldig når me i dag har ein fastlegeordning med så høg brukartilfredsheit.

Kristoffersen syner til at det kontinuerlege forholdet til èin fastlege er ein av kjerneverdiane som både er verdsett av folk flest.

- I tillegg veit me at ein fast og kontinuerleg forhold til ein lege er knytta til betre helse, fleire leveår og lågare totalkostnader i helsetenesta, seier Kristoffersen.

- Folk kjem ikkje til å forstå

Fastlege Hans Kristian Bakke trur ikkje folk kjem til å forstå kvifor dei blir fjerna frå legen dei kjenner så godt og som kjenner dei godt.

Helseministeren svarar

- Me kjenner oss heilt trygge på hovudprinsippet om at me skal innføre kommunal medfinansiering. Det er òg viktig å hugse på at det me legg fram i dag er ei stortingsmelding, ei drøfting av ein ny modell, seier helseminister Bjarne Håkon Hanssen.

Hanssen forsikrar om at dei vil nytte tida fram mot 2012 til å kvalitetssikre reformen.

- Dette går mellom anna ut på å innføre eit tak for kor mykje kvar kommune skal betale for å sikre oss mot at enkelte kommunar får for store belastningar.

Målet med kommunal medfinansiering er at det skal bli lønsamt for kommunane å førebyggje sjukdom.

- I dag er det jo slik at viss ein kommune sørgjer for at ein kommune ikkje får nyresvikt, så tapar kommunen pengar på det. Og omvendt så tener kommunen i dag på at ein diabetikar får nyresvikt. Slik kan me ikkje halde fram. Det finst ikkje eit land i verda som har råd til å organisere helsevesenet på den måten, seier Hanssen.

Det bekymrar helseministeren at leiaren i overlegeforeningen ikkje ser heilskapen.

Legane er mellom anna skeptiske til at du ikkje vil bygge opp sjukehusa, men seier at der skal me sette ned eit tak?

- Dei utfordringane sjukehusa står ovanfor må me fyrst og fremst løyse ved at færre treng hamne på sjukehus, og det må me gjere ved å bygge opp ei sterk kommunehelseteneste. At færre må på sjukehus er bra for legane, for pasientane og for Noreg, seier Hanssen.

Ein offentleg betalt valkampreform kallar Frp samhandlingsreformen. Kvifor vert den lagt fram rett før Stortinget skal gå frå kvarandre og rett før eit val?

- Eg meiner jo at det må vere ein fordel at veljarane får vete kva me vil gjere med helsenoreg før valet.

Stortingsmeldinga vert lagt fram kl. 12.30 i dag.