Forventar fortvila pasientar

Pasientombodet ventar ein straum av fortvila pasientar når samhandlingsreformen trer i kraft.

Hos legen
Foto: Colourbox

Av reformen skal fastlegen ta ein større del av behandlinga. Pasientombod Grethe Brundtland trur ikkje det vil falle i god jord hjå mange sjuke då det er spisskompetanse pasientane etterspør.

- Det vil bli eit ramaskrik, seier Brundtland.

Krev kvalitet og spisskompetanse

- Pasientar i dag etterspør mykje meir kvalitet enn dette med å kome fort til. Dei vil ha det aller beste på akkurat det området dei er sjuke, seier Brundtland.

Samhandlingsreformen skal endre kvardagen til både pasientar og helsepersonell. Fastlegane skal bli fleire og få meir ansvar. På denne måten vil ein freiste å unngå så mange unødvendige og dyre sjukehusinnleggingar. Samstundes vil helseministeren avgrense tilsettinga av nye legar på sjukehusa.

Vanskelegare å kome til spesialist

Leiar av Praktiserande Spesialisters Landsforening, Synnøve Bratlie trur det vil bli vanskelegare å bli henvist til spesialist.

- I tillegg til at det vil verte vanskelegare å henvise til spestialisthelsetenesta, kjem det òg til å bli lenger ventetid viss den ikkje skal auke noko, seier Bratlie.

Bratlie trur at dette kan bety at folk må vente lenger på til dømes augeoperasjonar, vanskelege hudlidingar og psykiatri på spesialisthelsenivå. Dette er fordi det ikkje kjem ein tilsvarande vekst på denne sida.

Trur det vil gå fint

Hordaland sin stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og medlem av helse- og omsorgskomiteen, Dag Ole Teigen, trur dette vil gå fint.

- Me skal få ned talet på henvisingar, men dei som har behov for å kome på sjukehus skal kome på sjukehus, seier Teigen.