Hopp til innhold

- Sjuke eldre vil lide

- Me er redde for at me gir dei akutt sjuke eit dårlegare tilbod viss me dreg pengar ut av spesialisthelsetenesta, seier overlege.

Eldresenter
Foto: Paal Audestad/Aftenposten / Scanpix

Spesialistane på Haukeland sjukehus i Bergen utfører 650 hjarteoperasjonar kvart år. Tillitsvalt for overlegane i Helse Bergen, Kjell Vikenes, trur dei eldre pasientane vil vere taparane etter den store samhandlingsreformen trer i kraft.

- Me som jobbar på sjukehusa er veldig bekymra over dei signala som har kome i samband med reformen. Den seier mellom anna at det ikkje skal kome nokon nye legestillingar og den vil ta 20 millionar ut av budsjetta. Me trur at dette kan gå ut over kvaliteten på sjukehusbehandlingen framover, seier Vikenes.

Overlegen tvilar på om helseminister Bjarne Håkon Hansen har fått med seg at me har ei eldrebølgje på gong.

Les òg: Ti nye «sykehus» til Hordaland

Les òg: Forventar fortvila pasientar

Les òg: - Berre valflesk

- Ikkje nok med førebygging

Helseministeren har tidlegare uttalt at han vil avgrense tilsettinga av nye legar på sjukehusa. I staden skal fleire fastlegar ut i kommunane og fokus skal vere på førebygging. Men leiar i overlegeforeininga, Arne Laudal Refsum, trur statsråden har gått glipp av eit vesentleg poeng.

- Sluttar folk å røyke i dag vil me få færre kolspasientar om 20-30 år. Men det er ikkje slik at viss folk sluttar å røyke i dag så vil dei som alt har kols få mindre kols. På same måte kan ein ta døme etter døme som ministaren har brukt, seier Refsum.