Hopp til innhold

- Edvardsen kunne valt å ikkje møte

Eid-ordførar Sonja Edvardsen kunne valt å ikkje møte opp i Stortinget då den betente sjukehussaka var oppe i førre veke. Det seier politisk kommentator i NRK, Kyrre Nakkim.

Video Kyrre Nakkim om sykehusstriden på Nordmøre og i Romsdal

KOMMENTATOR: Kyrre Nakkim som er samfunnsredaktør i NRK seier Sonja Edvardsen ikkje hadde noko val då ho først sat i Stortingsalen. Han meiner ho burde ha ordna seg utbytting på førehand.

Foto: Nyhetsspiller

Det har vekt sterke reaksjonar at Edvardsen røysta for Regjeringa sin sjukehuspolitikk då ho møtte som vararepresentant på Stortinget.

Kyrre Nakkim som er samfunnsredaktør og politisk kommentator i NRK, meiner Edvardsen burde ha valt å ikkje møte då saka var oppe til avstemming.

- Sonja Edvardsen burde ha gjort det slik at ho ikkje sat i salen og slapp å stemme, ved såkalla utbytting. Kor vidt det hadde vore mindre forkasteleg eller ikkje, det er vanskeleg å svare på, seier Nakkim til NRK Sogn og Fjordane.

Skulda for dobbeltmoral

Det var i førre veke at Eid-ordføraren møtte som vararepresentant på Stortinget.

Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti la då fram eit forslag om å stogge all omlegging av lokalsjukehusa i landet, fram til Stortinget har handsama den nasjonale helseplanen.

Eid-ordføraren er ein av landets fremste sjukehusforkjemparar og har gått imot sitt eige parti i den betente sjukehusstriden. Men førre veke stemde Edvardsen saman med resten av Arbeidarpartiet imot forslaget frå Frp og Krf.

Etter dette har det storma rundt Edvardsen og ho har mellom anna blitt skulda for dobbeltmoral av partikollega Clara Øberg i heimfylket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Clara Øberg og Svein Hansen

KRITISKE: Både Ap-politikar Clara Øberg og sjukehusforkjempar Svein Hansen i Nordfjord har kritisert Sonja Edvardsen etter at ho stemde i mot forslaget frå Frp og Krf i Stortinget.

Foto: NRK

- Hadde ikkje noko val då ho først var i salen

Kyrre Nakkim meiner Sonja Edvardsen ikkje hadde noko val når ho først sat i salen då forslaget vart fremja.

- Når ein sit i salen er det skikk og bruk i Arbeidarpartiet å følgje partiet si linje, seier Nakkim.

Han seier Arbeidarpartiet er det partiet i Norge som har dei strengaste reglane og den kanskje hardaste partipisken.

- Kunne enda med utfrysing

- I Ap tenkjer dei kollektivt og ikkje på kvart enkelt individ. Det er saman dei er sterke, ikkje som enkeltrepresentantar frå kvart enkelt fylke. Det å gå i mot denne kulturen er å gå i mot alt Ap står for, seier Nakkim.

Han seier dei ville fått konsekvensar for politikaren frå Eid dersom ho hadde valt å gå i mot partiet i Stortinget.

- Det kan fort føre til utfrysing, og det kan bli svært vanskeleg å få sentrale posisjonar seinare, seier Nakkim.

- Burde blitt bytta ut

Nakkim meiner samtidig at Edvardsen hadde høve til å bli bytta ut, slik at ho ikkje måtte stemme mot noko ho eigentleg er for.

- Edvardsen burde ha nytta seg av utbytting. Det vil seie at ho ikkje hadde trengt å møte i Stortingsalen og stemt i denne saka, forklarar Nakkim.

Han seier utbytting er ein taktikk mange stortingsrepresentantar brukar ofte, nettopp for å sleppe å stemme mot ting dei eigentleg er for, og omvendt.

- Det å få til ei slik utbytting er samtidig ein byråkratisk prosess, og det er kanskje ikkje enkelt for til dømes Edvardsen å kome utanfrå og vite kva knappar ein skal trykke på, seier Nakkim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sonja Edvardsen

KRITISERT: Sonja Edvardsen har måtte tole hard kritikk etter at ho saman med resten av Ap på Stortinget stemde imot forslaget om å fryse omstillingsprosessane ved sjukehusa.

Foto: Trond Vestre / NRK

Lukkast ikkje med utbytting

Sjølv seier Sonja Edvardsen at ho prøvde å få til såkalla utbytting, men at ho ikkje lukkast med dette.

Ho visste heller ikkje noko om at forslaget skulle opp før kort tid før ho skulle møte i Stortinget.

- Då eg fekk vite om dette tenkte eg at dette kan eg ikkje vere med på. Eg formidla dette gjennom dei kanalane eg har, men fekk svaret at eg måtte berre følgje partiet, seier Edvardsen.

Etter at Edvardsen stemte for sjukehusnedbygging i Stortinget har det storma rundt ho. Lokalsjukehusforkjemparar lokalt kjenner seg dolka i ryggen, medan ho har blitt refsa av partikollegaer.

Sjølv opplever ho at mykje av kritikken kjem frå folk som ikkje kjenner det politiske systemet på Stortinget.

- Det er tungt å takle kritikken, men eg forstår at ikkje alle er kjende med systemet, seier Edvardsen.

- Eg skal kjempe vidare for sjukehuset

Sjølv om ho kan ha redda sitt politiske ansikt sentralt med å følgje Arbeidarpartiet under avstemminga, kan ho ha tapt det lokalt.

Edvardsen held likevel fast ved at ho ikkje har gjort noko gale.

- Eg håpar folk framleis veit at eg ikkje er samd i den politikken som Regjeringa fører. Eg måtte stemme som eg gjorde, men eg skal framleis kjempe for sjukehuset, det er det ingen tvil om, seier Edvardsen til NRK.