Hopp til innhold

Møter seg sjølve i «sjukehusdøra»

Harry Mowatt, styremedlem i Helse Førde, meiner både riks- og lokalpolitikarar har skapt urealistiske forventingar til kva som er råd å få til i sjukehussaka.

Harry Mowatt

UREALISTISK: Harry Mowatt meiner fleire politikarar frå fylket har gjeve innbyggjarane i fylket urealistiske forventingar til kva som er mogleg å få til i sjukehussaka. - Når dette då bryt saman, så blir magaplaske dertil større, seier han.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Mowatt, som også er Ap-politikar, meiner at måten dei har stått fram på har spissa til konfliktnivået.

Mowatt meiner Edvardsen er ein av fleire rikspolitikararar frå fylket som no møter seg sjølve i «sjukehusdøra».

- Ho er ein av dei som har delteke i sjukehusstriden og hausa opp stemninga, og gitt folk i Nordfjord heilt urealistiske forventningar om kva som er mogeleg å få til innan dei økonomiske råmene Helse Førde har, og spesielt med tanke på dei utfordringane vi vil ha i framtida, seier Mowatt.

- Direkte feil

I helga har ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, fått massiv kritikk fordi ho som vararepresentant på Stortinget røysta for ei kraftig nedbygging av Nordfjord sjukehus.

Partikollega, og styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, meiner Edvardsen har eit forklaringsproblem. Edvardsen og Eid Ap var tidlegare høgt på bana for å få Mowatt og Øberg ekskludert frå partiet.

- Det er svært urimeleg av Clara Øberg, og direkte feil. Alle veit kvar eg står i denne saka, kva eg har av både standpunkt og usemje i denne saka. Clara Øberg veit også at i stortinget, så må ein stemme med stortingsgruppa, seier Edvardsen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Magaplask

Også Sentepartiet som mellom anna har kjempa for å behalde fødeavdelinga i Eid, får kritikk etter at dei i regjering var med på å vedta nedlegging.

- Det same gjeld politikarar som Liv Signe Navarsete som hadde sitt magaplask i førre veke. Erling Sande vart rett nok berga av pappapermisjon, men han har også måtte slå retrett. Det gjeld også Bjørn Lødemel som for kort tid sidan laga eit svært offensivt sjukehusprogram for Sogn og Fjordane Høgre. No røystar han mot utsettinga, seier Mowatt og legg til:

- Alle desse har på sitt vis medverka til å tilspisse situasjonen rundt sjukehussaka i Sogn og Fjordane. Når dette då bryt saman, så blir magaplasket dertil større.