Hopp til innhold

Edvardsen vil ikkje melde seg ut

Arbeidarpartiordførar i Eid, Sonja Edvardsen vil ikkje melde seg ut av partiet slik ho har blitt oppmoda om.

Ordførar Sonja Edvardsen

VIL IKKJE MELDE SEG UT: Sonja Edvardsen ber i staden Sigurd Reknes å melde seg ut dersom han meiner det løyser noko.

Foto: NRK

Det var Senterpartiet sin ordførarkandidat i Eid, Sigurd Reksnes, som onsdag gjekk ut og meinte Edvardsen burde melde seg ut av partiet.

- Arbeidpartiet har skulda

Bakgrunnen er Regjeringa sitt vedtak om å leggje ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus, der Edvardsen i etterkant har mana til eit nytt sjukehusopprør.

- Det provoserar meg djupt inn i sjela at Edvardsen manar til eit nytt sjukehusopprør når ein veit at det er Arbeidarpartiet som er skuld i det elende vi har hamna i, sa Reksnes til NRK.

Han meiner det berre er eit opprør Ap-ordføraren kan gjere med truverdet i behald.

- Og det er å melde seg ut av partiet, seier Reksnes.

- Han kan melde seg ut sjølv

Men Sonja Edvardsen seier det er heilt uaktuelt. Ordføraren seier ho oppfattar utspelet som ein del av valkampen.

- Eg er veldig misnøgd med det vedtaket som er fatta for sjukehusa. Og eg er ikkje nøgd med dei tre partia som har gjort dette vedtaket, seier Edvardsen og viser til trekløveret som sit i Regjeringa, Ap, Sp og SV.

Edvardsen viser vidare til at dersom Reksnes meiner ein kan løyse situasjonen med å melde seg ut av partiet, så bør Reksnes først feie for eiga dør.

- Dersom det løyser noko å melde seg ut, bør både Sigurd Reksnes og varaordføraren i Eid gjere det same, dersom dei er misnøgde med det Sp har gjort i forhold til vedtaket, seier Edvardsen.