Hopp til innhold

Ordførarar drøftar sjukehussvik

I dag møtast Nordfjordrådet på Eid for å diskutere avgjerda om å leggje ned fødeavdelinga og ortopedien ved Nordfjord sjukehus.

Marta Finden Halset og Sonja Edvardsen

DRØFTAR VEGEN VIDARE: Sonja Edvardsen og resten av nordfjordordførarane møtast i dag for å legge strategi for sjukehuskampen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Meldinga om den dramatiske sjukehusavgjerda vart motteken med vantru på fredag.

- Vi må gå igjennom den alvorlege situasjonen for Nordfjord, det store sviket som vi vart gjort kjende med, seier Sonja Edvardsen, ordførar i Eid, om møtet i dag.

- Må leggje strategi

Edvardsen har tidlegare sagt at fødestove ikkje er aktuelt for Nordfjord. I staden for fødeavdelinga i Eid, vil Regjeringa opprette ei jordmorstyrt fødestove.

- Vi må leggje ein strategi framover og gå igjennom det som er lagt føre oss og ikkje minst sjå på kva vi skal krevje på vegne av Nordfjordingane. For det er ikkje tvil om at dette er forskjelsbehandling av innbyggjarane i Norge, seier Edvardsen.

- Irrellevant argument

Ordføraren reagerer kraftig på at Kvivsvegen blir nytta som argument for å leggje ned fødetilbodet i Nordfjord.

- Det er heilt irrelevant. Det er uvesentleg i denne saka at Stryn får kortare veg til Volda. Det som er relevant her, er kva reisetid nordfjordingane får i høve eit sjukehus, seier ho.