Hopp til innhold

Eid-ordførar stemde for nedbygging av sjukehus i Stortinget

Arbeiderparti-ordførar Sonja Edvardsen har gått høgt på bana for å berge lokalsjukehuset på Eid. Men i Stortinget stemde ho for nedbygging.

Sonja Edvardsen

I SJUKEHUSSKVIS: Sonja Edvardsen (Ap), ordførar i Eid, stemde for sjukehusnedbygging.

Foto: Trond Vestre / NRK

Edvardsen har heile vegen kjempa mot ei nedbygging av lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Men då ho møtte som vararepresentant på Stortinget torsdag, stemde ho for regjeringa si sjukehusnedbygging.

Er lojalt mot fleirtalet i partiet

Kristleg Folkeparti (KrF) og Framstegspartiet (Frp) la fram forslag om å fryse dei pågåande omstillingsprosessane ved lokalsjukehusa inntil den nasjonale helseplanen er klar.

Då stortingsrepresentantane skulle stemme over forslaget, valde Edvardsen å støtte regjeringa sitt standpunkt i saka.

– Eg nyttar partikanalane, og eg kjem med mine synspunkt i Arbeiderpartiet si gruppe. Eg røysta mot framlegget til oposisjonen, og det betyr at eg røysta saman med mi eiga partigruppe, seier Edvardsen til Fjordabladet.

I debatten på Stortinget var det mange som hadde ordet og kommenterte situsjonen for Nordfjord sjukehus, men Edvardsen deltok ikkje. På spørsmål om kvifor, svarar ho ingen kommentar.

– Men stemde du ikkje her mot eit forslag som du eigentleg er for?

– Eg har ingen kommentar ut over det eg allereie har sagt, svarar Edvardsen til lokalavisa.

Har snakka mot sitt eige pari

Den raud-grøne regjeringa har bestemt å leggje ned fødeavdelinga, ortopedien og akuttfunksjonane på sjukehuset i Nordfjord. I tillegg har dei bestemt å redusere fødetilbodet på fleire andre lokalsjukehus i landet.

Edvardsen har heile vegen snakka sitt eige parti midt imot i denne saka, og 1. april i år sa Eid-ordføraren dette til NRK.no:

– Eg meiner heilt klart at dette er utruleg skuffande i høve politikken vi gjekk til val på. Eg er på ingen måte nøgd med dette vedtaket.

– Dette er dobbeltmoral

Det var berre Venstre som støtta forslaget som KrF og Frp kom med. Forslaget vart nedstemd med 70 mot 33 stemmer. Til nettstaden politisk.no seier Edvardsen at ho gjerne skulle sett at forslaget vart vedteke, sjølv om ho stemde mot:

– Som ordførar i Eid strider dette mot kva eg står for, men når eg møtte som vararepresentant valde eg å følgje fleirtalet i Arbeiderpartiets stortingsgruppe som var mot dette forslaget, seier Edvardsen til nettstaden.

Frp sin vararepresentant Jon Georg Dale frå Volda er skuffa over Eid-ordføraren.

– Det er skuffande at ho ikkje held fram kampen når ho har høve i stortingssalen. Det er dobbeltmoral. Lojaliteten hennar ligg på feil plass, seier Dale til politisk.no.