Hopp til innhold

- Han har ein fantastisk venstrefot

Søndag går skjedde det igjen. I serien av minnerike sigrar over Lillestrøm, slo Sogndal til igjen i går og knuste kanarifuglane heile 3–0 og skaffa seg betre avstand til den berømte nedrykksstreken på tabellen.

Video Ung sogndøl sentral rolle

SJÅ VIDEO: Ung sogndøl i sentral rolle på Sogndal.

Sentralt på eit godt sogndal lag i går stod igjen 19 år gamle Ørjan Hopen – mannen som laga 1–0 målet. Med sin unike venstrefot banka han eit frispark frå 40 meter rett i mål.

Og han har gjort liknande meisterstykke tidlegare – det er rett og slett blitt ein vane.

– Først må eg leggje ballen ein plass er har feelingen, og så står eg ofte og ser kvar muren er for å sjå moglegheiter for å få eit godt treffpunkt, seier han.

Har jobba knallhardt

Og skot av den typen Ørjan Hopen prestere gong etter gong, kjem ikkje av seg sjølv. Det ligg mange timar terping bak.

– Det er uendeleg mange timar. Eg har trent og trent nede i hallen.

No føler han at han etter kvart har fått betaling for all jobbinga.

– Eg har fått bra betalt i det siste. Det meste har gått inn. Det viser at dersom du jobbar knallhardt, vil du få betalt. Eg har klart å gjort mykje av det same på landslaget som eg har gjort her dei siste kampane. Det er godt å kjenne at eg verkeleg duger.

Heldige med genanegenene

Ørjan Hopen er son til tidlegare sogndalspelar Arild Hopen, og innser at genane også er på hans side.

– Eg har vore heldig med genane og trent mykje på eiga hand. Eg har alltid likt å trene med dei som er eldre. Då eg var 12–13 år, spelte eg med 18-19-åringar. Då må du vere smartare og betre enn dei, for ein kan ikkje ta dei på fysikken.

Ein ekte sogndøl

Terje Skjeldestad

SKRYT AV HOPEN: Terje Skjeldestad rosar Ørjan Hopen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hopen er eit ekte sogndalprodukt, og det har ikkje vore så mange av dei siste åra. Faktisk var Keeper Terje Skjeldestad den siste fotballstjerna frå Sogndal på laget og vi må 15 år tilbake då han kom på stjernehimmelen. Skjeldestad gjer seg sine tankar om dette.

– Vi har fått opp spelarar som har reist herfrå, men nålauget er trongt og det er berre plass til 11 på laget. Vi er ei lita bygd og har fokus på å få fram unge spelarar lokalt. Når det kjem ein ekte sogndøl, er det ekstra kjekt. No har han bidrege til mange mål og poeng.

Skryt av ferdigheitene

Skjeldestad seier Hopen har ein fantastisk venstrefot og ein spisskompetanse utan like.

– Det er kanskje framtidas fotball, det at ein er ekstremt god på noko. Ørjan har vore flink å dyrke den eigenskapen i lag med oss og ikkje minst for seg sjølv. Eg hugsar då han var ein liten gut og stod og skaut. Det viser at trening gir resultat, seier han.