Sogndal Fotball jaktar revansje etter fire strake tap for oransjetrøyene frå Sunnmøre når tabellnabo Aalesund vitjar saftbygda i ettermiddag.
– Vi har møtt Kjetil Rekdal med Aalesund fire gonger no, og aldri vunne. Det hadde smakt veldig godt å ta dei, seier assistenttrenar Terje Skjeldestad.
15 år sidan sist
Heimelaget gjekk sigrande ut av oppgjeret på Color Line stadion i vår. Aalesund vann også cupkampen på Fosshaugane for to år sidan, medan dei to kvalifiseringskampane i 2008 enda med 7–2 samanlagt til sunnmøringane.
Sist Sogndal slo Aalesund var i 1996, då Frank Øyre sikra poenga med eit skot frå kring 40 meter.
- LES JON NAVARSETE SIN BLOGG: "E berre delja te han!"
– Difor hadde det smakt kjempegodt å slått Aalesund, men dei har to luringar på sidelinja. Aalesund har vist i Europa at dei er eit godt lag. Dei har ikkje fått like god utteljing i serien, seier Skjeldestad.
Heilt ulik form
Berre ein strekkskadd Tore Andre Flo er ikkje med når Sogndal møter eit Aalesund-lag i motgang. Eitt poeng på dei seks siste seriekampane, har ført sunnmøringane frå medaljekamp til botnstrid.
Sogndal er i ei heilt anna form med 11 poeng på dei seks siste kampane. Skjeldestad meiner det bør leggjast i gløymeboka når dei entrar Fosshaugane i ettermiddag.
– Vi har hatt fine resultat i det siste, men Aalesund har møtt gode lag. Samstundes har dei hatt kjempelange kampar medrekna Europa. Så vi skal i alle fall ikkje la oss lure av det, seier han.
Godt med pause
Aalesund har møtt og slått ungarske Ferencváros, svenske Elfsborg og AZ Alkmaar frå Nederland. Sistnemnde vann elles 6–0 på heimebane og sende sunnmøringane ut av Europa League-kvalifiseringa.
Sunnmøringane har dobbelt så mange kampar i beina, som Sogndal sine sju, sidan månadsskiftet juni/juli. Pausen i samband med landskampane kan såleis ha lada Aafk-batteria på nytt.
– Vi må ha tunga rett i munnen. Det er to lag som vil selje seg dyrt. Eg trur det blir tett og jamt, men det blir nok ikkje mykje mål. Det trudde eg for så vidt ikkje før Lillestrøm-kampen heller, seier Skjeldestad.
– Skal passe kjeften
Aafk-trenar Kjetil Rekdal har møtt Sogndal fleire gonger både som spelar og trenar. Sjølv om det er blitt full pott på dei siste møta mot Sogndal, har han vekslande erfaringar etter oppgjera.
I 2008 skildrar han heimepublikumet på Fosshaugane som
. I år lovar han å passe kjeften sin.- LES OGSÅ:
– Eg har lagt det dødt, det gjorde eg for så vidt sist eg var der. Eg reknar ikkje med at det skjer noko igjen, seier han til Sunnmørsposten.
– Har gjort solid jobb
IMPONERT: AaFK-trenar Kjetil Rekdal.
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIXTil klubben sine nettsider, seier Aafk-trenaren at han er budd på ein tett og jamn kamp. Likevel meiner han spelarane skal ta poeng i oppgjeret.
- LES OGSÅ:
– Sogndal borte er ein kamp vi skal ta poeng i. Vi veit korleis dei spelar, veldig defensivt orientert med fem mann bak og lange ballar, men dei har imponert. Dei var sjanselause i starten, men har gjort ein solid jobb og er ute av akutt nedrykksfare, seier han.
Trur på siger
OPTIMIST: Peter Orry Larsen.
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIXNordfjordingen Peter Orry Larsen seier til dei same nettsidene at Aalesund bør kunne ta både eitt og tre poeng. Han tippar 2–0 i favør av sunnmøringane.
– Det er klart at vi må vere budd på ein tøff kamp, men er vi kompakte, tålmodige, scorar eitt par mål og held nullen, så går det bra, seier han.
SLIK STARTAR SOGNDAL: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Even Hovland, Isak Scheel, Per Egil Flo, Henrik Furebotn, Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen, Ole Jørgen Halvorsen, Eirik Bakke, Cato Hansen.