Foto: Cosmin Cosma, NRK.
Forslaget til nytt inntektssystem for sjukehusa kan gje Helse Førde store økonomiske tap.
Og no fryktar dei tilsette kutt i tilbodet dersom ikkje fleire let vere å reise ut av fylket for å verte behandla.
Det seier Arthur Norevik, som er hovudtillitsvald for dei tilsette i Helse Førde.
Ny inntektsmodell kan føre til tap
Eit nytt forslag til inntektsmodell i Helse Vest er no ute på høyring. Ein slik modell kan føre til tap på kring 25 millionar kroner for Helse Førde.
I tillegg er det klart at Helse Førde årleg taper kring 53 millionar koner på at innbyggjarar i Sogn og Fjordane nyttar seg av tenester i andre føretak på grunn av ordninga med fritt sjukehusval.
Difor oppmodar dei tilsette no folk i Sogn og Fjordane om å nytte seg av Helse Førde sine tenester for å hindre kutt i helsetilbodet.
Uroa over tapte inntekter
- Det kan kome til å betyr noko for inntektene me får, og også på sikt på det arbeidet me gjer ved Helse Førde, seier Norevik.
- Saman med andre ting som reduserer inntektene er det klart at det uroar meg at me får reduserte inntekter til Helse Førde. Me veit jo kva me har vore gjennom tidlegare av tiltak som ikkje har vore ynskte av verken tilsette eller befolkninga i Sogn og Fjordane, seie Arthur Norevik.