REVOLUSJON: Denne nye, gule strengen kan revolusjonere hardingfela.
Foto: Petter Melsom / NRKKan revolusjonere hardingfela
BØ/RAUFOSS (NRK): Gamle tradisjonar og moderne teknologi gjeng hand i hand, når hardingfela skal få nye strengar.
– Eg har ikkje fortalt nokon om prosjektet enda, men eg håpar og trur det blir tatt godt imot i hardingfelemiljøet, seier spellemann og felemakar Ottar Kåsa (31).
For han tek ein sjanse, når han vil lage nye strenger til eit av dei mest tradisjonsrike instrumenta i landet. Sidan 1600-talet har hardingfela vore både elska og hata, og spelemenn har blitt karakterisera som alt frå popstjerner til satans disiplar.
Mykje stemming
– Det nærmar seg, om ei lita beite er fela klar.
Felemakar og spelemann Ottar Kåsa synest det er moro å utvikle ein ny type strenger til hardingfela.
Foto: Even Skårberg Aarnes / NRKKåsa sit i felemakarverkstaden sin i Bø, og stemmer ei av hardingfelene sine. Her brukar han mykje tid, både i arbeidet som felemakar og som spelemann. Seinast i år vant han klasse A under landskappleiken, noko han også har gjort fleire gonger tidlegare.
På arbeidsbenken, på veggen og i taket av verkstaden heng titals feler som er til reparasjon, eller under produksjon.
– Eg har høyrt at ein hardingfelespelar brukar omtrent halve livet på å stemme fela?
Spør eg, medan Kåsa sit konsentrert og vrir på stemmeskruane til overstrengar og understrengar på den over 100 år gamle fela.
Han smiler.
– Det er nok ikkje heilt sant, men det er nok heller ikkje så langt ifrå at det stemmer, svarar han.
Les også:
Sauetarm og stål
For ei hardingfele krev mykje stemming. Særleg om ein har ein A-streng som er laga av sauetarm. Og det har den vore i hundrevis av år. Det blir sagt at Myllarguten hadde sin eigen strengemaskin, som han nytta seg av på 1800-talet for å lage strengar sjølv.
I nyare tid har det blitt laga alternative strengar, og ein spelemann i dag har to val.
– Ein må velje om ein vil bruke tarmstreng eller stålstreng, seier Kåsa.
Og utfordringar er det, samma kva for strengetype ein vel.
– Tarmstrengen har fleire overtonar, og gjer slik sett rundast og finast lyd, men den er ustabil. Både temperatur og fukt påverkar strengen. Stålstrengen er meir stabil, men har ikkje same fine lyden, seier Kåsa.
Men det har han planer om å gjere noko med.
Den knallgule hardingfelestrengen kan revolusjonere hardingfela. Video: Petter Melsom.
Tradisjonskultur og forsking
Ideen er å lage ein ny hardingfelestreng, som kombinerer dei beste egenskapane til tarmstrengen og stålstrengen.
Med andre ord, ein streng som både er stabil, og gjer fin lyd.
– Eg er ingen fysikar akkurat, eg har meir greie på hardingfele og felespel, men god hjelp frå SINTEF på Raufoss, Telemarkforskning og Innovasjon Noreg, har gjett resultat, seier Kåsa.
For det er det nasjonale forskingsinstituttet Telemarksforsking som har sett Kåsa i kontakt med dei rette fagfolka. Gjennom prosjektet VRI Telemark, søker dei bedrifter eller næringsdrivande som kan ha bruk for hjelp frå forskingsinstitusjonar.
– Det er mange bedrifter som gjeng med planar om å utvikle noko nytt, eller forbetre noko som ikkje fungerer heilt som det skal. Men ein har ofte ikkje nettverk eller kunnskap om kven ein kan be om hjelp. seier Gunn Kristin Leikvoll frå Telemarksforsking i Bø.
Gunn Kristin Leikvoll frå Telemarksforsking, kopla felemakar Kåsa og forskarane på SINTEF saman.
Foto: Even Skårberg Aarnes / NRKHo tok kontakt med Ottar Kåsa, og fekk høyre om problema med den lunefulle A-strengen. Finansieringa av forskinga kom på plass ved hjelp av Innovasjon Noreg, og deretter fant ho ut kva for forskarar som kunne hjelpe til med problemet.
– Ein slags Kirsten-giftekniv, berre mellom bedrifter og forskarar?
– Hehe, det kan du godt sei, seier Leikvoll.
Gode hjelparar
Og to av dei gode hjelparane felemakaren har nytta seg av, er materealteknolog Knut Moen, og metallurg Rune Østhus, frå SINTEF på Raufoss.
I den enorme teknologiparken på Raufoss har dei sine kontor og laboratorium. Dei har forska på alt frå bildelar til fiskesnøre, men dei har aldri forska på hardingfelestrengar tidlegare.
– Dette er krydder i kvardagen. Me kjente litt prestasjongsangst da førespurnaden kom, tenk om me ikkje skulle klare å finne på noko lurt, seier dei to forskarane.
Denne formelen, laga av faren til Gallileo Gallilei, har forskarane nytta til å rekne ut kva eigenskapane til det nye strengematerialet bør ha.
Foto: Knut Moen / SINTEFVitskapelege metodar
Moen understrekar likevel at i teorien burde kompetansen dei to sit på vere godt egna til formålet.
– Reint fagleg er det midt i smørauget, seier han.
Ved hjelp av ulike maskiner, måleapparat og mikroskop, byrja dei to med å analysere dei eksisterande strengetypane.
Materialteknolog Knut Moen frå SINTEF på Raufoss festar ein hardingfelestreng i strekkmaskina for å måle styrke og tøyeligheit.
Foto: Petter Melsom / NRK– Det var veldig interessant å finne ut av kva som kjenneteikna dei ulike strengane. Me målte masse, tjukkelse, stivleik, styrke og mange andre ting for å finne ut av korleis dei to ulike strengane var laga.
Og resultata overraska dei to forskarane. Ved å sjå på dei ulike strengane i eit lysmikroskop som forstørrar 100 gonger, vart dei både overraska og imponera.
– Stålstrengen er eigentleg ein pianotråd med ein tynn aluminiumstråd vikla rundt, som til slutt er behandla med tinn, for å gje ei glatt overflate, seier Østhus.
Han fortel at pianotråd er eit av dei sterkaste materiala av sitt slag. Denne tråden har 8-9 gonger bruddstyrken til aluminium bruka i bilproduksjon.
Rune Østhus er metallurg hos SINTEF på Raufoss. Her analyserer han ein felestreng i eit lysmikroskop.
Foto: Petter Melsom / NRKNår det gjeld tarmstrengen, hadde forskarane aldri sett noko liknande tidlegare.
– Me fant ut at det er fleire tarmfiber som er tvinna saman, noko som gav ei overraskande styrke! Det er avanserte saker, seier forskarane entusiastisk.
Hemmeleg materiale
Resultata dei fekk etter å ha analysera stålstrengen og tarmstrengen, gjorde at dei kunne byrje å leite etter materialar med tilsvarande eigenskapar som kunne brukas til å lage felestrengar.
Denne grafen viser eigenskapane til dei tre ulike strengene. Merk at grafen til den nye strengen og tarmstrengen kryssar når krafta er om lag 30 Newton. Det er same kraft som belastar strengen når den står oppspett på ei hardingfele.
Foto: Knut Moen / SINTEF– Det er viktig å understreke at me berre har gjort tekniske undersøkingar. Ingen av oss spelar fele, og det er ingen garanti for at det blir god lyd sjølv om dei fysiske eigenskapane er på plass, seier dei to forskarane.
Dei vil heller ikkje avsløre kva for materiale dei landa på, og som felemakar Kåsa fekk prøve.
Desse hardingfelene kan få ein revolusjon med den nye strengen det nå forskast på.
Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK– Det handlar om at materialet i dag brukas til andre ting enn felestrengar. Og om det skulle bli ein kommersiell produksjon av dei nye felestrengane, får det bli ei sak mellom materialprodusenten og Ottar Kåsa.
Spente på tilbakemeldingane
Dei to forskarane synest det har vore moro å forske på hardingfelestrenger. Begge to er spente på om den nye strengen dei har komne opp med kan bli ein suksess, og
– Det er klart det ville vore spanande å vore med på å utvikle noko så tradisjonsrikt som ei hardingfele, seier Østhus.
– Me hadde jo tru på at det kunne fungere bra, men ein veit aldri heilt sikkert, seier Moen.
– Heilt fenomenalt!
Og det verkar som om forskingsprosjektet vert tatt godt imot av fleire spelemenn.
– Dette er svært gode nyheiter, eg håpar dei lykkast, er den spontane reaksjonen frå spelemann Hallvard T. Bjørgum.
Spelemann Hallvard T. Bjørgum synest det er heilt topp om det kjem ein ny A-streng til hardingfela.
Foto: Monica Kelly SundtBjørgum har vunne både kappleikar og Spellemannprisar i fleng, og seier A-strengen på hardingfela har vore ein "snakkis" i miljøet i mange år.
– Den er noko lunefull denne tarmstrengen. Og når stålstrengen kom for nokre år sidan, var den ikkje så god som me hadde håpa på. Så om det nå kjem ein streng som har eigenskapar som liknar meir på tarmstrengen er det heilt fenomenalt, seier Bjørgum.
Han får støtte av Trygve K. Vaagen, som vart portrettera i fjernsynsprogrammet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" tidlegare i år.
Han nyttar seg av stålstreng, men er klar over at den ikkje læt optimalt.
– Det er mange som har irritera seg over at ein må velje mellom to halvgode alternativ. Om forskinga på ein ny streng fører fram, er det eineståande, seier Vågen.
Spelemann Trygva K. Vaagen trur ikkje nokon i hardingfelemiljøet ser negativt på forskinga. Her saman med kvedaren Hillborg Romtveit.
Foto: Torje Bjellaas / NRKHan ser ingen problem med at eit tradisjonsinstrument som hardingfela vert utvikla ved hjelp av moderne teknologi.
– Det kan da ikkje vere noko problem. Eg trur alle jublar om dei kan bruke litt mindre tid på å stemme fela, seier Vaagen.
– Lovande
Tilbake i felemakarverkstaden i Bø, strengar Ottar Kåsa opp ei fele med den nye, knall gule strengen på.
– Om det blir produksjon av denne strengen kan eg garantere at det blir i ei ana farge, smiler Kåsa.
Han er imponert over arbeidet det to forskarane har gjort.
– Dei var tydeleg interessera i dette, sjølv om dei ikkje har noko erfaring frå folkemusikk eller hardingfeleforsking frå før. Og det verkar som dei har gjort ein grundig jobb.
Og etter å ha prøva den nye strengen, har han god tru på at den kan bli ein suksess.
– Den kjennast ut som ein tarmstreng å spele på. Den er om lag like tjukk, og ser relativt lik ut.
Må jobbe med overflata
Lyden er likevel ikkje heilt som den skal enda, men det er håp om å forbetre den også.
– Problemet er at overflata på den nye strengen er litt ru, i motsetning til tarmstrengen som er heilt glatt og jamn. Det fører til at hestehåra på felebogen glepper litt, seier Kåsa.
Ifølge forskarane er dette problemet absolutt mogleg og gjere noko med.
– Ein kan slipe ned strengen så den blir heilt glatt, eventuelt legge ei slags strømpe utanpå for å oppnå same resultat. Det er relativt kurant å få til, seier Rune Østhus.
Den beskjeden gjer Kåsa optimistisk.
– Så lenge det er mogleg å få til, ser eg ikkje bort frå at dette kan bli ein suksess, avsluttar Ottar Kåsa.