Hopp til innhold

Vil avlyse russefeiringa i Grenland – smitten er stor blant dei unge

Ordførarane i Grenland ønsker å avlyse russefeiringa. Russen fortviler: – Mange har gleda seg til dette heile livet.

Russ på Sagene i Oslo i 2020.

AVLYST: Russefeiringa i Grenland kan bli avblåst.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Nå bør russefeiringa bli avblåst, seier ordførar i Skien Hedda Foss Five til TA.

Til avisa fortel Foss Five at det over 20 russ som er smitta i Skien kommune, og at mange av desse har veldig mange nærkontaktar.

Ifølgje ordføraren i Skien er alle ordførarane i Grenland einige om dette.

Ordførar i Bamble Hallgeir Kjeldal stadfestar at ordførarane er einige om å avlyse russefeiringa i dei tre kommunane Bamble, Skien og Porsgrunn.

– Me må ta grep no. Russen er ei særleg mobil gruppe som har mange nærkontaktar, seier Kjeldal.

Kjeldal peiker på at kapasiteten til smittesporarane i Grenland nesten er sprengt. Dei rettar seg difor inn mot russen no.

– Me må gjere alt me kan som politikarar, og me fryktar ytterlegare nedstenging. Russefeiringa er difor avlyst, seier Kjeldal.

Russepresident i Bamble,

Russepresident i Bamble Thomas Schack Petersen.

Trist

Russepresidenten i Bamble er seier det er ein trist dag, men at han ikkje er overraska. Han opplever at smitten spreier seg fordi folk bryt retningslinjene litt.

– Me har hatt fleire møter med kommunen. Dei har vore tydelege på det vil få konsekvensar om me ikkje greier å følgje reglane, seier Thomas Schack Petersen.

Petersen meiner likevel det blir for enkelt å skylde på russen aleine.

– Det er mange andre som også spreier smitte. Både vaksne personar og unge som ikkje er russ.

Han hadde likevel håpa på eit anna utfall.

– Dette er først og fremst ein trist dag. Mange av oss har gleda oss til dette heile livet, seier Petersen.

Hallgeir Kjeldal, ordførar Bamble

Ordførar i Bamble Hallgeir Kjeldal.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Rykte om smittebetaling

Smitten er stor blant den unge befolkninga i Grenland. TA har tidlegare omtalt at det går rykte om at unge smittar kvarandre mot betaling. Slik at dei skal få koronapass i sommar.

Kommuneoverlegen i Porsgrunn, Jan-Arne Hunnestad seier desse rykta no kjem frå fleire hald.

– Eg kan skjøne at det kan vere freistande sidan du får sommaren fri, seier Hunnestad.

Hunnestad seier det dreier seg om kjøp og sal av smitte via sosiale medium. Prisen skal ligge 100 til 200 kroner.

Han understrekar at det ikkje nødvendigvis er russen som gjer dette. Men sidan smittetrykket er stort blant dei unge trur Hunnestad det kan vere noko i rykta.

Han åtvarar i så fall dei som driv med det.

– Dette er ulovleg og du kan bli straffa hardt.

Jan-Arne Hunnestad, fylkeslege.
Foto: Håkon Lie

Kan bli vedtak

I Skien gjekk eit samla formannskap i ettermiddag inn for å avlyse russefeiringa i kommunen. I Bamble kjem Kjeldal først og fremst med ei oppfordring til russen.

– Det kan bli aktuelt med eigne vedtak retta mot russen, men det håper eg me slepper. Me har allereie gode føringar til å handheve samlingar gjennom restriksjonane i 5b.

Kjeldal viser til at Grenland allereie ligg under tiltaksnivå B med ekstra lokale tiltak:

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark