– Den utvida siktinga gjelder forhold som er avdekka gjennom etterforskinga, seier politiadvokat Gunnstein Bjørgum til Vest-Telemark Blad.
I tillegg til skiensadvokaten er også ein annan person sikta for det nye forholdet.
Nye straffbare forhold
Politiet i Telemark har utvida siktinga mot advokat til også og omfatte nye straffbare forhold. Frå før er han sikta for grov økonomisk utruskap og trugsmål.
Politiadvokat Gunstein Bjørgum opplyser til Vest-Telemark Blad den nye utvida siktinga gjeld forhold som er avdekka gjennom etterforskinga som har gått føre seg sidan arrestasjonen av advokaten i mai.
– Det er forhold som knyter seg til næringsverksemda som har vore driven, seier Bjørgum til avisa.
Fleire personar til avhøyr
Politiet vil avhøyre fleire personar om innhaldet i den nye utviklinga i saka, og det inneber også at ein annan person er blitt sikta.
Men Bjørgum avslår å opplyse noko om kva siktinga går ut på eller kva tilknyting vedkomande har til advokaten som er sikta.
I mai blei den sikta advokaten pågripen og sat to dagar i forvaring medan politiet gjennomførte både ransaking, beslag og avhøyr av fleire vitne.
Han blei då sikta for grov økonomisk utruskap på inn til ti millionar kroner og trugsmål.
Les også: