Hopp til innhold

Storaksjon mot motorsyklistar som råkøyrer: – Forsvann i 200 km/t

Utrykkingspolitiet vil alvorlege MC-ulykker til livs ved å intensivere fartskontrollar. Men Norsk motorsykkelunion meiner veldig få faktisk køyrer som villmenn.

Motorsyklist

Arild Lind har «kjempa» seg gjennom vinteren og gler seg til ny motorsykkelsesong, sjølv om han er utsett i trafikken.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES / NRK

Ulykkesstatistikken frå politiet viser at fart, risikokøyring og førarfeil ofte er årsakene til at motorsyklistar mistar livet eller blir hardt skadde på norske vegar.

20 motorsyklistar døydde i fjor og 134 blei hardt skadde.

Les også Økning i trafikkdødsfall i Norge: Verste mars på fire år

Minnemarkering i Nome

– Vi vil sette eit ekstra fokus på motorsyklistane i år fordi det er for mange alvorlege ulykker med motorsykkel, seier sjefen for Utrykkingspolitiet Knut Smedsrud.

Heile denne veka gjennomfører Utrykkingspolitiet derfor ei nasjonal aksjonsveke der dei har ekstra fokus på fart og motorsyklistar.

– Vi hadde seinast i dag ein motorsykkel som «forsvann» i 200 km/t, fortel Smedsrud.

Kontrollerer motorsyklist i kontroll

Ein motorsyklist blir kontrollert av ein politibetjent under ein kontroll i Telemark måndag formiddag.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES / NRK

Meiner få øydelegg for veldig mange

Hos motorsyklistane pirrar det i potta etter å komme i gang med sesongen.

– Endeleg. Det har vore ein lang og hard vinter, fortel MC-førar Arild Lind.

Han er også leiar av Norsk motorsykkelunion og har skadestatistikken i fjor friskt i minne.

– Det er frykteleg at det går liv blant oss motorsyklistar. Det er forferdeleg, og noko vi jobbar aktivt med for å betre, seier Lind.

Men han går ut mot det han meiner er eit rykte om at motorsyklistar køyrer som nokre villmenn i trafikken.

– Dei få som gjer det og øydelegg for veldig mange. Dei er veldig synlege i trafikken. Og det øydelegg også ryktet til dei rundt 200.000 motorsyklistane her i landet, meiner Lind.

Arild Lind

Arild Lind, leiar av Norsk motorsykkelunion.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES / NRK

Vinkar inn alle

Ulykkestala frå Utrykkingspolitiet viser at nesten halvparten av ulykkene med motorsykkel skjer som utforkøyringar.

Dei siste fem åra har minst 16 personar mista livet kvart år. Dei to siste åra har talet vore over 20.

Politiet håpar aksjonsveka dei startar måndag kan bidra til å snu trenden.

– Vi kjem til å vinke inn dei motorsyklistane vi treffer på og ta ein liten prat, sjekke dokument, alkoteste og få fokus på at nå startar motorsykkelsesongen igjen, seier Smedsrud.

Les også Prøvde å stikke fra politiet på denne i 90 km/t

Elsparkesyklist prøvde å stikke fra politiet i 90 km/t

Dette er Utrykkingspolitiets viktigaste råd til motorsyklistar:

  • Ha ein bevisst og god køyrestrategi.
  • Sørg for å ha handlingsrom – plass, som tid – til å korrigere for både eigne og andre sine feilvurderingar og feilhandlingar.
  • Som MC-førar er risikoen for å hamne i ei alvorleg trafikkulykke høgare enn for andre grupper trafikantar.
  • MC-førarar er oftast involverte i utforkøyringsulykker til høgre i venstrekurve. Hald rett fart inn i kurva i forhold til ferdigheiter.
UP-sjef på kontroll før MC-sesongen

Sjefen for Utrykkingspolitiet Knut Smedsrud (til høgre) var med ut da UP gjennomførte kontroll av motorsyklistar i Telemark.

Foto: SINDRE THORESEN LØNNES / NRK