Hopp til innhold

Stor interesse for stellefrie gravplassar

I Notodden bygger dei den første urneveggen i landet på mange tiår. – Mange ringer og seier dei er interesserte, seier kyrkjeverja.

Planlagt urnevegg på Notodden gravlund

KOLUMBARIER: Urnevegger er eit anna ord for det som tidlegare er kjent som kolumbarier. Urneveggen som blir bygd på Notodden gravplass får ei bua form.

Foto: Illustrasjon/Sør arkitekter

– Vi er kanskje den siste generasjonen som går jamleg og steller gravene til våre kjære.

Det seier kyrkjeverje Håvard J. Russnes og viser NRK fundamentet til den nye urneveggen som blir bygd på Notodden gravlund.

Med 176 små rom i fire etasjar blir dette ein annleis gravplass i Noreg. Kvart enkelt rom i urneveggen får plass til fire urner, og ei dør av stål eller glas.

– Det blir eit godt alternativ for dei som ikkje ønskjer å ha urna i jorda. Mange saknar det å kunne sjå urnene med sine kjære, seier Russnes.

Kirkeverge Håvard Russnes ved fundamentet til urneveggen på Notodden gravlund

FUNDAMENT PÅ PLASS: Kyrkjeverje Håvard Russnes ved fundamentet til urneveggen på Notodden gravlund.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Vanleg i utlandet

I utlandet er det vanleg å gravleggje avdøde i urnevegger, men i Noreg er denne gravferdsforma lite kjent. Kyrkjeverja trur likevel urneveggen blir teken i bruk.

– Etter at dette vart kjent og folk har sett skildringa, er det mange som ringjer og seier dei er interesserte, fortel Russnes.

Tidlegare fanst det ei rekkje urnehallar knytt til krematorium i Noreg, men desse låg innandørs med avgrensa opningstider og vart lite brukt. I 1997 vart ordninga avvikla bortsett frå i Narvik, som har ein utandørs urnevegg i Fredskapellet.

Det skriv gravplassen.no som omtalte saka først.

Håvard Russnes, kirkeverge på Notodden

Håvard Russnes, kyrkjeverje i Notodden kyrkjelege fellesråd.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Ved årsskiftet vart urnevegger igjen tillate i Noreg og først ut med å byggje ny urnevegg er Notodden.

– Notodden gravlund skal utvidast og då kom tanken om ein urnevegg opp, seier Russnes.

– Fint for dei med lita tid

Arnulf Rulnes, som er på Notodden gravlund for å stelle ei familiegrav, trur urnevegg kan vere eit alternativ for unge med lita tid.

– Dei som kjem etter meg, er ikkje like interessert i å stelle ei grav. Ein urnevegg er kanskje lettare for dei.

– Det kan vere ei god løysing for dei som ikkje har tid til å stelle grava og halde den fin, seier Jan Røtvold, som er på gravlunden for å stelle grava til foreldra sine.

Også andre stader i landet kan det bli tilbod om urnevegger.

I Oslo kommune finst det ein gammal urnevegg på Vestre Gravlund. Kommunen vil vurdere om han kan takast i bruk på nytt. I tillegg kan det bli bygd nye.

– Urnevegger har ingen lang tradisjon i Oslo, men var i bruk før i tida, seier Magne Hustavenes, direktør for gravferdsetaten i Oslo kommune.

Han fortel at det er stor etterspurnad etter minnelundar, men at det er eit politisk ønske om også å etablere urnevegger når den nye forskrifta i Gravplasslova blir klar.

– Vi har mange innbyggjarar som kjem frå land der dette er vanleg, seier han.

Forskallingssnekker Arne Røimål med kassene som skal bli en urnevegg på Notodden gravplass.

FIRE ETASJAR: Forskalingssnikkar Arne Røimål med kassene som skal bli ein urnevegg på Notodden gravplass. Urneveggen får fire etasjar og 176 urnerom.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Urnevegg og minnelund

Notodden gravplass er under rehabilitering, og samtidig med urneveggen får Notodden òg den første minnelunden sin.

Då får folk i Notodden fleire stellefrie alternativ.

Ei grav skal stellast i mange år, men folk er ikkje like bufaste som før og for somme er det vanskeleg å ha ansvaret for ein gravplass.

Andre synest det er fint å ha ei grav å ta vare på. Kristine Weidemann er ofte på gravplassen og steller grava til tanta si.

– Det er noko med det å stelle grave og det fine med å vite at der ligg ein du er glad i, seier Weidemann.