Nokre hundre meter frå gardstunet på Vik gard i Drangedal ligg Vihusdalsbekken. Den kan sørgje for straum til seks husstandar.
Bonde Kjell Vågsland har ein draum om at garden blir sjølvforsynt med kraft.
Han er ikkje åleine om slike planar. Over 60 bønder over heile landet står i kø for å byggje ut vasskraft, viser tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Samtidig tørstar Noreg etter meir kraft for å gjennomføre det grøne skiftet.
Den nye energimeldinga som vart lagt fram forrige veke er tydeleg: Vi treng å produsere meir kraft, og det hastar.
Men Vågsland kunne aldri sett for seg at prosessen skulle bli så tidkrevjande.
Bondebladet omtalte saka først.
– Langtekkjeleg
Vågsland kontakta først kommunen. Der skal han ha fått beskjed om at søknaden først måtte sendast til Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE.
Dei aller fleste søknadene om vasskraftverk må dit for godkjenning.
Vågsland sende søknaden i juni i fjor. Det tok heile sju månader før han fekk svar. No er søknaden på høyring hos kommunen og Statsforvaltaren.
Dermed går det minst to nye månader før han får svar.
– Det er veldig langtekkjeleg behandlingstid. Eg skjønner at det må vere eit system på søknader, men eg synest dei burde sile litt på storleiken og auke effektiviteten.
Her i Vihusdalsbekken vil Kjell Vågsland i Drangedal byggje mikrokraftverk. Investeringa kjem på rundt 1,5 millionar kroner. Vågsland håpar det lønner seg på sikt.
Foto: PrivatIfølgje bonden er det ikkje snakk om noko stort inngrep i naturen.
Det er ingen raudlista artar i området. Det er heller ingen fisk i bekken, seier han.
– Eg meiner at det ikkje gjer nokon skade. Det blir grave ned og gjort fint, forklarer Vågsland.
No meiner bonden at noko må skje, så ikkje andre som vil byggje ut kraft mistar motivasjonen.
– NVE må få opp kapasiteten. Og kommunane må få meir kunnskap, slik at dei veit kva saker dei kan behandle sjølv.
– Enorm pågang
Småkraftforeininga anslår at det er eit potensial for 3000 nye mikrokraftverk i Noreg.
I Energikommisjonen sin rapport kom det fram at Noreg treng produksjon av ny straum tilsvarande 40 terawattimar (TWh) innan 2030.
Ifølgje Småkraftforeninga kan bøndene sitt bidrag frå mikrokraftverk utgjere 1 TWh, som igjen svarar til gjennomsnittsforbruket til 50.000 husstandar i Noreg.
Fleire hundre bønder skal ifølgje foreininga vere interessert i å byggje ut bekkar og elvar på eigen eigedom.
Styreleiar i foreininga, Lars Emil Berge er også marknadsansvarleg for mikrokraft i Hordaland røyrteknikk, som produserer slike kraftverk.
– Vi har opplevd ein enorm pågang dei siste åra. Når straumprisen skyt i vêret får vi ofte fleire telefonar om dagen.
Berge seier at folk blir frustrerte over den lange behandlingstida på byggjesøknadene.
– Det må gå raskare
Senterparti-politikar Gyro Heia er medlem i Energikommisjonen, som leverte Energimeldingen.
Ho rosar lokalt initiativ frå bønder som vil byggje ut kraft på eigen eigedom.
– Mikrokraftverk er absolutt eit viktig bidrag. Det er viktig at vi får tilgang til all den nye krafta vi kan få, seier ho.
Gyro Heia er ordførar i Birkenes frå Senterpartiet og medlem av Energikommisjonen.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKHeia forstår at mange synest det tek for lang tid å få godkjent bygging.
– Det må gå raskare. Viss vi skal nå klimamål, og viss vi skal nå behovet vi har for meir kraft, må tida som går med til saksbehandling ned.
Energikommisjonen har også peika på at kommunane må få nok kunnskap til å behandle saker.
Får svar innan eit år
NVE får inn stadig fleire søknader om mini- og mikrokraftverk.
Omtrent på same tid som Vågsland skreiv søknaden sin for å bygge eit mikrokraftverk, melde NVE at dei ville prioritere store vasskraftprosjekt som gir regulerbar kraft.
Årsaka er mellom anna at dei større prosjekta bidreg med meir kraftproduksjon.
Seksjonssjef i NVE, Gry Berg forstår at søkjarane synest prosessen tek lang tid.
Gry Berg er seksjonssjef i NVE.
Foto: NVE– Det vi brukar å seie når vi får inn ein søknad er at dei skal få svar innan eit år, seier ho.
– Energikommisjonen seier vi må gjere meir av alt, og det må skje raskt. Eit år, er det raskt?
– Eit år er jo raskt, på ein måte. Større prosjekt tek mykje lengre tid enn det.
NVE svarer at Kjell Vågsland i Drangedal må rekne med at det tek eit år frå han søkte til han får byggje her i Vihusdalsbekken.
Foto: PrivatBerg seier at kommunen kunne ha behandla søknaden.
Dei fleste kommunar ønskjer likevel at saka først går til NVE, for å sørgje for at dei ikkje skal gjere feil, forklarer ho.