Hopp til innhold

Studentar hjelper studentar med å bestå eksamen

«Leksehjelp» på universitetet sørgjer for at færre stryk eller hoppar av studiet det første året.

Yllka Aliu og Anastasia Smyk

TAKKSAME: Sosiologistudentane Yllka Aliu og Anastasia Smyk har meir sjølvtillit og gode rutinar etter å ha fått studiehjelp av andre studentar.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Eg fekk ein C, fortel ei kjempefornøgd Anastasia Smyk.

37-åringen var veldig usikker på om ho skulle bestå eksamen.

Uvissa forsvann då ho vart ein del av studiegruppa til Daniel Kalinikov Johannesen og Oskar Grannæs Olsen.

Masterstudenten Daniel og 3.-årsstudenten Oskar får betalt for å rettleie sosiologistudentar som ønskjer hjelp. Dei har ei timeløn på cirka 160 kroner.

– Eg syntest det var flautt å spørje professoren når eg ikkje forstod. Då er det lettare å spørje Daniel, seier Yllka Aliu.

Les også Studentar fekk 70 millionar på deling: – Viktig for dei som ikkje kjenner så mange

TimeOut på USN

Deler kunnskap og motivasjon

Mange slit med studiane det første året. Universitetet i Søraust-Noreg (USN) veit korleis dei kan hindre at studentar hoppar av eller stryk.

OLA-modellen er svaret. Det er ganske enkelt ei frivillig ordning der dyktige studentar hjelper studentar som strevar.

– Vi er ikkje lærarar. Vi er ein del av gjengen, seier Daniel Kalinikov Johannesen.

Det set Kristian Eliassen stor pris på. 33-åringen opplever det han kallar ein kunnskapsgneist under OLA-møta.

Kristian Eliassen, Yllka Aliu, Anastasia Smyk, Daniel Kalinikov Johannesen, Oskar Grannæs Olsen og Abbas Dadboud

Kristian Eliassen, Yllka Aliu, Anastasia Smyk, Daniel Kalinikov Johannesen, Oskar Grannæs Olsen og Abbas Dadboud jobbar saman mot eit betre resultat.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Universitetslektor Hanne Viken brenn for eit best mogleg læringsmiljø for studentane. Ho har jobba med OLA sidan starten i 2019.

– 47 prosent av studentane i Bø strauk til eksamen i rekneskap. Då måtte vi gjere noko.

Det fungerte

Tre studentar skulle rettleie dei som sleit med tal og kolonnar.

Året etter strauk 39 prosent. I 2020 var det berre 8 prosent som strauk til eksamen.

I 2021 gjorde det eit hopp til 34 prosent. Hanne Viken meiner pandemien og mykje digital undervisning har påverka dette.

I dag er 120 ulike fag med i OLA-ordninga, og nærare 200 studentar hjelper andre studentar.

Deler suksessen

Kunnskapsdepartementet har trua på OLA. Derfor har USN fått 5,8 millionar kroner til dette i 2022.

Universitetet tilset erfarne studentar for å hjelpe nye studentar med krevjande fag.

Hanne Viken håpar universitetet kan betale for dette framover viss det ikkje kjem meir pengar frå departementet.

– USN ser store gevinstar ved OLA-ordninga, seier ho.

Hanne Viken

Universitetslektor Hanne Viken er stolt av OLA-modellen.

Foto: Privat

1500 universitet verda over brukar liknande metodar.

Viken fortel at USN og studentane har utviklar OLA til ein suksessmodell.

Den skal dei presentere for andre studiestader i Noreg under den store Læringsfestivalen til NTNU i mai.

Studentundersøkinga hausten 2021 viser at:

  • Dei fleste deltok på mellom 80 og 100 prosent av møta
  • OLA har hjelpt mykje eller svært mykje med å meistre emnet
  • OLA har hjelpt i stor grad eller i svært stor grad fram mot eksamen

Det var 105 studentar som svarte på undersøkinga.

Les også Mara (20) vil ikke på utveksling utenfor Europa

Mara Kähler

Må be om hjelp

Oskar Grannæs Olsen sakna ei slik moglegheit då han byrja på bacheloren sin. Han ser nytta og stiller gjerne opp igjen til hausten.

– Det er fleire som treng hjelp. Dei må berre innsjå det og be om det.

Jungeltelegrafen hjelper òg til.

– Vi fekk med oss stadig fleire i gruppa etter at semesteret hadde starta, fortel Daniel Kalinikov Johannesen.

Han finn fram dagens Kahoot. Det er tid for spørjeleik med noko morosamt og noko alvor.

For snart er det eksamen. Og ingen i gruppa gruar seg.

I alle fall ikkje så veldig mykje.

Daniel Kalinikov Johannesen

Daniel Kalinikov Johannesen synest det er rørande å høyre kor mykje OLA-møta betyr for studentane han hjelper.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark