Hopp til innhold

Studentar fekk 70 millionar på deling: – Viktig for dei som ikkje kjenner så mange

Gratis mat og fleire hundre gratis arrangement. Det er mogleg når studentane i Noreg får millionar av kroner på deling.

TimeOut på USN

TID FOR TIMEOUT: Studiekveld på Campus Vestfold betyr òg ein matbit og ein god prat.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Studiekveld på Campus Vestfold i Horten er meir enn å sitje med nasen i ein skjerm. Det er òg nysmurde bagettar, frisk frukt, freistande potetchips, brus og kaffi.

Pluss kjende og ukjende fjes.

Jørgen Aadalen Janitz

Jørgen Aadalen Janitz trivst godt med jobben han har ved sida av studiane.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Jørgen Aadalen Janitz serverer gratis mat på langbordet i kantina. Han har ei timelønn på cirka 200 kroner.

23-åringen frå Re er ikkje servitør. Han studerer historie.

– Dette gir meg arbeidserfaring, og eg får eit større nettverk.

Koronamillionar til studentane

I mars 2021 tok Solberg-regjeringa på seg spanderbuksene.

Studentar over heile Noreg fekk 70 millionar kroner på deling.

20 millionar skulle gå til sosiale lågterskeltilbod. 50 millionar var øyremerkte lønn til studentane som skulle sørgje for dette tilbodet.

Les òg Koronatiltak påverkar psykiske helsa til dei unge

Rewan Duhoke

Frå rollespel til turar i skog og mark

Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg fekk nesten fem millionar av denne potten. Resultatet er TimeOut.

TimeOut har ganske enkelt vore det namnet seier. Å gi studenten eit avbrekk, ein pause, ei moglegheit til å tenkje på noko anna. Være sosial utan at det kostar noko. Eit lyspunkt i koronalivet.

Pengane har gjort det mogleg å arrangere enkle fritidstilbod.

Det har vore rollespelkveldar, paintballturnering, filmkveldar, museumsbesøk og turar i skog og mark pluss mykje anna.

Timeout-prosjektet har òg gjort det mogleg for Janitz og mange andre å tene pengar.

Det har ikkje vore lett å få seg jobb ved sida av studiane under pandemien.

– Viktig for utanlandske studentar

Wanja Karlsen Bergan danderer saftige druer og endå meir saftige appelsinbåtar.

21-åringen synest ho er heldig som får vere med på prosjektet.

– Dette er spesielt viktig for dei som ikkje kjenner så mange.

Wanja Karlsen Bergan

Wanja Karlsen Bergan får full utteljing for jobben ho gjer: lønn og eit sosialt tilbod.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Ho meiner jobben dei gjer er spesielt viktig for dei utanlandske studentane. Det er enklare å inkludere dei og bli kjent med dei.

– It's amazing, seier ein begeistra utvekslingsstudent.

Melisa Kabakci

Melisa Kabakci er glad for å få ein pause og litt mat.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Melisa Kabakci frå Tyskland er ikkje like begeistra for norske prisar.

Men ho set stor pris på både dei sosiale arrangementa og serveringa studentane får tilbod om.

– Først må vi prate litt, og så får vi studere litt igjen, seier 24-åringen. Det viktigaste er ein hyggjeleg pause på ettermiddagen.

Stian Debess og Eirik Langemyr er samde. Idrettsstudentane frå Arendal fekk tips av ein kamerat om dagens tilbod.

– Det passar godt med litt mat og ha det hyggjeleg saman, seier dei to som prøver å ikkje søle kaffi i tastaturet.

Frå betalt til frivillig arbeid?

Tida er snart ute. Kontoen er snart tom.

Planen er å avslutte tilboda i mars.

– Gevinsten er for stor til å droppe slike tilbod. Eg trur at frivillige studentar kjem til å bruke erfaringane våre, seier ein optimistisk Jørgen Aadalen Janitz.

Stian Debess og Eirik Langemyr

Stian Debess og Erik Langemyr tek gjerne ein pause etter forelesingane.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark