Hopp til innhold

Store prisforskjellar på sentrumsparkering

Frå 52 kroner i Porsgrunn, til over 250 kroner i Tønsberg for å parkere midt i byen i fire timar. Forskjellane mellom byane i fylket er store.

parkering i Tønsberg

STORE PRISFORSKJELLAR: Det er stor forskjell i prisen på dei ulike sentrumsparkeringane i fylket.

Foto: Siw Borgen / NRK

Det kan vere vanskeleg å parkere både lovleg, sentralt og rimeleg. Alle kommunar har sine eigne løysingar for gratistid, soner og prisar.

For nokon er det mykje, for andre er det greitt nok, så enkelt er det rett og slett, seier Terje Svendsen, som akkurat har parkert i sentrum av Porsgrunn.

Terje Svendsen

Terje Svendsen bur i Langesund og er vande til gratis parkering.

Foto: Siw Borgen / NRK

Vi har sjekka kva det kostar å parkere ein bil i fire timar på ein kvardag i sommar, midt i sentrum av nokre av sommarbyane i fylket vårt.

Store prisforskjellar

I Tønsberg finst det fleire kommunale parkeringsplassar, både midt i sentrum og litt utanfor. Og prisforskjellen er stor.

Vi har sentrum, som er kjernen som vi seier, der er det 93 kroner for tre timar, men så har vi jo plassar som er fem minutt unna og åtte minutt unna. Går du fem, seks minutt så er det 63 kroner døgnet.

Det fortel Erik Lund, tenesteleiar for Tønsberg parkering.

Erik Lund

Erik Lund, tenesteleiar for Tønsberg parkering tilrår å parkere litt i utkanten av sentrum.

Foto: Siw Borgen / NRK

På plassane litt utanfor sentrumskjernen kan ein også stå fleire døgn i strekk.

Men om du skal stå midt i sentrum av Tønsberg, over tre timar, må du velje privat og då landar prisen på over 250 kroner for fire timar.

Vanlegvis så er det jo eigentleg altfor dyrt, men sånn er det berre, seier Arnulf Eriksen.

I dag har han valt ei kommunal parkering i sentrum, der han kan stå maks tre timar.

– Parkering i Tønsberg sentrum er desidert dyrast i fylket, kva tenkjer du om det?

Det tenkjer eg at dei burde fått gjort noko med, for det skal jo vere ein turistby og ta imot folk, så då synest eg det er litt dårleg. Tre timar er kanskje også litt i kortaste laget med tanke på å skulle vere i byen nokon timar ein formiddag, og gå litt rundt, seier Eriksen.

Arnulf Eriksen

Arnulf Eriksen synest prisane for parkering i Tønsberg sentrum er i høgaste laget.

Foto: Siw Borgen / NRK

Rullering i sentrum

Lund tilrår dei som synest prisane er høge å parkere i utkanten av sentrum å spaserer to, tre kvartal.

Bakgrunnen for dei høge prisane midt i sentrum er at kommunen ønskjer ei rullering på plassane.

Alle skal kunne komme og få plass i løpet av dagen. Det er det som er poenget, og den rulleringa er viktig, for det er veldig stort belegg i Tønsberg. Kvar einaste dag så er det rift om plassane, seier Lund.

Kragerø kommune er ein av kommunane som skrur opp prisane i sommarmånadene. For 140 kroner kan du stå parkert fire timar i sentrum. I Holmestrand betaler du 75 kroner for ein sentral parkeringsplass.

I Porsgrunn kan ein parkere to timar gratis langs fortauet, medan i Sandefjord er det ein times gratis gateparkering.

Protesterte mot betaling

Reiser du litt ut frå dei store byane, er det fleire stader der parkeringa er heilt gratis.

Kommunestyret i Fyresdal mellom anna snudde etter store protestar i bygda, og det vil framleis vere gratis å parkere i kommunen.

Men det er ikkje berre prisane som opptek folk.

Det med bilparkering, det er eit problem over alt. Og viss ikkje du er kjend så kan det vere veldig vanskeleg, seier Terje Svendsen, som bur i Langesund, der det er gratis å parkere.