– Stavkyrkja er den katolske arkitekturen

TOKKE (NRK): Riksantikvaren har til saman brukt 130 millionar kroner på vedlikehald av alle stavkyrkjene i Norge. Dette er ein av dei.

Eidsborg stavkyrkje, stavkirke

Direktør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum meiner det er viktig å ta vare på stavkyrkjene for etterkomarane.

Foto: Anne Straume / NRK

Eidsborg stavkyrkje i Tokke kommune er ein av dei 28 stavkyrkjene i Norge. Her er det blitt utført vedlikehaldsarbeid for 8 millionar kroner.

– Stavteknikken er norsk, og den er spesiell. I kyrkjebygg var dette den katolske arkitekturen, seier Dag Rorgemoen, direktør ved Vest-Telemark Museum.

Sidan 2001 har stavkyrkjene gått igjennom Riksantikvarens stavkyrkjeprogram. Vedlikehaldsarbeidet har tatt nesten 15 år, blant anna fordi det ikkje finst nokon mal for vedlikehald av så gamle bygg.

– Det har tatt litt tid, fordi ingen stavkyrkjer er like. Alle dei ulike modellane er unike, seier kyrkjeverge Bjørnar Christensen.

Bjørnar Christensen

Kyrkjeverge Bjørnar Christensen seier at ingen stavkyrkjer er like.

Foto: Anne Straume / NRK

For tunge klokketårn

Den eine veggen i Eidsborg stavkyrkje hadde sklidd ut 6 cm, og stavkyrkja var i ferd med å falle saman før det blei retta opp. Rorgemoen fortel at det var brot i takkonstruksjonen.

– Det er eit klokketårn og ei takhytte med har to klokker og dei er for tunge.

Han fortel at kyrkja er frå rundt år 1250, og rundt år 1300 blei det bygt til eit bygg. På 1700 talet kom det meir dekor i taket av kyrkja, og då den seinare blei restaurert på slutten av 1920 talet blei det gjort endringar i takkonstruksjonen.

– Kvar gong klokkaren ringde, og vinden blåste hardt, så rørte tårnet på seg og til slutt blei det brot i konstruksjonen, seier Rorgemoen.

Eidsborg stavkyrkje, detalj

Detalj frå Eidsborg stavkyrkje. Den eldste delen er frå år 1250.

Foto: Anne Straume / NRK

Stavkyrkjene er viktig kulturminne

Direktøren fortel at dersom det ikkje hadde blitt gjort noko med det, hadde kyrkja blitt alvorleg skada.

Alle 28 stavkyrkjene hadde behov for vedlikehald. På Borgund stavkyrkje i Lærdal er 8000 takspon skifta, og i Heddal stavkyrkje er blant anna veggdekoren blitt konservert.

For Riksantikvaren er målet med stavkyrkjeprogrammet å sette stavkyrkjene i stand, slik at dei kan bli tatt vare på for ettertida.

– Stavkyrkjene er blant dei viktigaste kulturminne vi har, og vi pliktar å ta vare på dei for dei som kjem etter oss, seier Rorgemoen.

Eidsborg stavkyrkje, detalj med gradestokk

Detalj frå Eidsborg stavkyrkje med dekorasjon inne i kyrkja.

Foto: Anne Straume / NRK