– Blir lei meg, men det er litt moro au.

Det uoppløslige episke element i Telemark i perioden 1591–1896 heiter boka som omhandlar morsslekta til forfattaren Dag Solstad. Er det ein roman, eller rett og slett ei oppramsing av slekt i Midt-Telemark? Det er spørsmål kritikarane stiller.

Dag Solstad peikar på Tveitanskilt, her kjem morsslekta mi ifrå

Dag Solstad peikar på skiltet der det står Tveitan. Der kjem morsslekta hans frå.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Boka handler om liv og død, drap og horungar, fattig og rik, kort sagt ei slektshistorie. I Solstads tilfelle er det morsslekta som kjem frå Bø, Seljord og andre delar av Midt-Telemark.

Er det ein roman eller ei oppramsing av slekter i Midt-Telemark spør kritikarar. Eller er boka eit oppsiktsvekkjande verk frå ein veletablert forfattar? Slekta er omtala på ein nærast dokumentaristisk måte, og handlinga strekkjer seg over perioden frå 1591 til 1896.

Boka blir slakta av mange, og tiljubla av andre. Dag Solstads siste bok skaper uvanleg heftig debatt. Samstundes med at nokon dømer boka nord og ned, blir den også nominert til den prestisjetunge Brageprisen.

Dag Solstad er nå ute med ny bok som skaper debatt.

Dag Solstad ute med ny bok

Les også:

– Eg blir lei meg, men det er litt moro au. Litt moro

Seier forfattaren med ein latter. Solstad skriv sjølv i innleiinga til boka at ein bør lese sakte for å få med seg alt. Han har arbeidd med boka i mange år, heilt frå 2007 då han fekk innsamla slektsmateriale av ein slektning, Bengt Lifoss.

– Når ein er over 70 år handlar livet meir om fortid enn om framtid, seier Solstad. Han kjenner at slekta og personane har kome nærare gjennom arbeidet med boka.

– Eg ville ikkje dikte inn fiktive hendingar, men opptrer meir som ein forteljar som reflekterer over ting som det innsamla materialet ikkje gjev svar på. Sjølv har Solstad gått i kyrkjebøker og andre kjelder.

– Kamp for å overleva

– Folk gifte seg for å sikre eigedom stor nok til å brøfø seg på. Jorda var viktig. I mi slekt er det både husvennar, horungar og rikingar, seier Solstad. Kampen for føda var hard, eg ser at mange har døydd unge. Særleg var blei ungar gravlagde under kyrkjegolver slik som i Bø gamle kyrkje.

Ein av slektningane til Solstad kjøpte fleire kyrkjer, blant dei den gamle Bø kyrkje. Delvis var dette for å kunne bli gravlagt under kyrkjegolvet, og delvis var det fordi kyrkjene gav gode inntekter.

God eller dårleg roman

Solstad har liten sans for dei som stiller spørsmål ved om dette er ein roman eller ei slektsoppramsing.

– Det kan vera ein god eller dårleg roman, men det er definitivt ein roman slår Solstad fast. Og han legg til at han blir litt såra over kritikken.

Solstad seier at han ikkje har opplevd så heftig kritikk av ein av sine bøker sidan han som ung radikal forfattar var i si store blømingstid på 1970- talet. Men han vedgår at det er litt moro au. Litt moro.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Reporter Stian Wåsjø Simonsen sjekker hva det koster å lade bilen, dusje og bruke oppvaskmaskinen på en dag med rekordhøye strømpriser.

Høye strømpriser: Stian sjekket prisen på en dusj

Høye strømpriser: Stian sjekket prisen på en dusj