Hopp til innhold

Påskekos kan fort bli kaos: – Må nesten berre vente at barna eksploderer

Færre rutinar og meir godteri kan føre til at påska går frå kos til kaos for foreldre og barn. Her er nokre tips som kan redde ferien.

Ann Helen Johansen Christiansen tok en ispause med Milla og Anne Pernille Johansen-Bugge.

Milla Johansen Bugge, Ann Helen Johansen Christiansen og Anne Pernille Johansen Bugge har vore på fjellet i påsken.

Foto: Theodor Aasland Valen / NRK

Ann Helen Johansen Christiansen og døtrene Milla og Anne Pernille nyt ein is i sola ved Telemarksporten. Dei har eit lite stopp på veg heim frå påskefjellet.

Jentene har ete ekstra mykje godteri og har fått vere lenger oppe enn vanleg.

Dei trur likevel ikkje at det skal bli vanskeleg å komme tilbake til vanlege rutinar.

– Kanskje første kvelden, smiler mamma og ser litt lurt på døtrene.

Følger du dei vanlege rutinene i påskeferien?

Påskeferie er ikkje berre kos

Påskeferie betyr ikkje berre kos.

Når den koselege hytteturen med familien endar med raserianfall, sutring, og barn som er vanskelege å legge om kvelden, kan det vere tungt å stå i, seier Nina Renate Forbord.

Ho er helsesykepleier og driver bedrifta Foreldremestring.

Rådet hennar er å ha realistiske forventningar.

Nina Renate Forbord, helsesykepleier og driver bloggen Foreldremestring.

Nina Renate Forbord er helsesjukepleiar og driv bloggen Foreldremeistring. Hennes råd er å ha realistiske forventningar og møte barnet med ro og forståing.

Foto: PRIVAT

– Det er helt normalt, og handlar om at det blir for vanskeleg for barna når dagane er uføreseielege. Da blir det lettare å møte barnet med ro og forståing, seier Forbord.

Påska er også ei tid kor barna blir veldig spente. Psykolog Charlotte Mjelde seier at dei fleste barn fort kan bli hissige i overgangen til påskeferien.

– Du kan sjå på barnet som ein brus som blir rista. Ein må nesten berre vente at barnet på eit tidspunkt vil eksplodere, seier Mjelde.

Charlotte Mjelde

Charlotte Mjelde er psykolog, småbarnsforelder og driv nettsida hjertefamilie.no

Tips til ei fredelegare påske

Det finst heldigvis nokre tips og triks for å gjennomføre påskeferien på ein best mogleg måte.

Senk forventningane

Mjelde peiker på at ein som småbarnsforeldre bør justere forventningane til ferien.

– I staden for å gå den kjempelange skituren, der du dreg med deg treåringen, så er det kanskje betre å sitte i solveggen og ete sjokolade, seier Mjelde.

Tør å kjede deg

Mjelde meiner fleire foreldre bør la barna kjede seg meir i påska.

– Når barna kjeder seg, blir dei faktisk meir kreative og kjem inn i den gode leiken, seier ho.

Dette er et råd ho følger sjølv i påska. Blant anna ved å ha eit romsleg program i ferien.

– Som forelder har ein lite tid med barna i kvardagen, og da blir ein fort veldig opptekne av å fylle tida med aktivitetar når ein først er mykje saman, seier Mjelde.

Ikkje ver redd for å bryte rutinar

Mjelde meiner foreldre generelt bør gje seg sjølv og barna litt lause rammer i ferien.

– Barn trivst i rutinar, men har også godt av å lære seg å vere meir fleksible, seier Mjelde.

Ho understrekar at dette er eit tips som kvar enkelt forelder må vurdere frå situasjon til situasjon. Sjølv legger ho barna til vanleg tid når ho er på hytta i påska.

– Da får eg og mannen min også litt kvalitetstid på kveldane, noko som er viktig, seier Mjelde.

Gje positiv merksemd til god åtferd

Nina Renate Forbord i Foreldremeistring rår foreldre til å gå fram litt annleis når barna gjer noko gale.

– Viss barnet for eksempel teiknar på ting som det ikkje har lov til, så skal du vere tydeleg på at teikning, det skal skje på arket.

Poenget til Forbord er at barnet ikkje har evna til å handtere vanskelege kjensler, som kan oppstå i feriar, og da må ein som forelder setje tydelege grensa.

Set av 10 minutt til fullt fokus på barnet

Forbord meiner det også er lurt å setje av 10 minuttar kvar dag der ein legg vekk mobilen, tanken på alt som skulle vore gjort og alle bekymringar.

– I desse 10 minutta skal du utelukkande vere til stades i leiken saman med barnet ditt, seier Forbord.

Treng å vere for seg sjølv

Familievernkontoret i Søndre Vestfold ser ein oppsving av par som ber om hjelp etter feriar, fortel leiar og familieterapeut Roy Andersen.

Roy Andersen, leder og familieterapeut ved Familievernkontoret i Søndre Vestfold

– Sjølv om de daglege rutinane høyrast kjedeleg ut, er det noko som gir tryggleik til både foreldre og barn, seier Roy Andersen er leder og familieterapeut ved Familievernkontoret i Søndre Vestfold.

Foto: PRIVAT

Brotne forventningar er ofte årsaka til at det går skeis, trur han.

Difor er det lurt å avklare kva som gjer at alle kan senke skuldrene i ferien, meiner Andersen.

– Ein har kanskje eit bilete av at alle er saman hele tida. Ingenting er betre enn det, men eg trur alle, og spesielt ungdom, har eit behov for å vere for seg sjølve, seier han.

Difor kan pausar med skjerm vere bra, påpeiker han.

– Eg tenker at ein ikkje skal kutte ut skjerm helt. Dei har behov for kontaktnettet på mobil eller Ipad, seier han.

Les også Parforholdet har godt av ferie frå mobilen

Krangel, mobil, parforhold, ferie, blomster

Familieterapeuten trur mange har høge krav til kva som er kos.

– Me er nok litt prega av glansbilete, men eg trur alle eg kjenner, inkludert meg sjølv, har vore gjennom desse temaa. Eg håpar absolutt at det er normalt at me får nokre periodar der ting ikkje blei heilt som venta, seier han.