Hopp til innhold

Skrubbsvoltne rådyr et fuglemat

Hageeigarar fortvilar over at rådyra et blomsterbeda reine for krokus og tulipanar. Men nå et dei alt dei kjem over.

Dagleg har ein rådyrfamilie på tre komme for å ete i ein hage i Fredrikstad.

Etter kvart har dei vorte tamme, og dei har forsynt seg av blomane i hagen.

Men i mars fann dei og noko anna.

– Da såg eg at dei tok for seg av maten til fuglane. Solsikkefrø er favoritten deira, seier Anette Torjussen.

Døde rådyr funne i hagar

For nokre dyr går matmangelen på livet laus.

I Skien og Porsgrunn er det funne døde rådyr i hagane til folk.

– Vi har funne nokre døde rådyr dei siste vekene som har vore avmagra, seier Egil Movik, viltforvaltar ved Grenland landbrukskontor.

Han trur dette er svake dyr som har bukka under på grunn av den harde vinteren.

– Dette er ikkje vanleg, men skjer likevel innimellom. Det som var spesielt var at vi fann to rådyr på same dag.

Eigil Movik

Viltforvaltar Eigil Movik seier rådyra ser ut til å trivast i bynære område der dei ikkje blir jakta på.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

– Må ete seg opp igjen

Etter nyttår kom det mykje snø kombinert med sterk kulde.

Da blei det vanskeleg for rådyra å finne seg mat.

Mange ønska da å mate rådyra som sleit i snøen, men det avslo Mattilsynet fordi dyra kunne bli sjuke.

– Det som er utfordringa nå, er at dei har brukt mykje av energireservane sine og er nøydd til å ete seg opp igjen, seier Movik.

Den spesielle vinteren gjer at rådyra forsyner seg meir av planter og tre i hagane til folk.

– Om dei er meir svoltne enn tidlegare, er uvisst, men dei nyttar iallfall høvet til å ete nytt og ferskt gras på plassar der det er tilgjengeleg.

Les også Sultne rådyr i sprengkulda: – Ser ut til at det vil stryke med en del rådyr

Rådyr i hagen i Sarpsborg.

– Rådyr ein klimavinnar

Det finst rådyr i heile landet, men flest i Sør-Noreg.

Movik seier rådyra har vore ein klimavinnar og har overlevd milde vintrar. Det har ført til ein auka bestand.

– Det ser vi på talet på påkøyrslar som har auka dramatisk dei siste åra.

Likevel trur han bestanden kan ha fått seg ein knekk etter denne vinteren.

Så langt i år er 3869 rådyr drepne etter å ha blitt påkøyrde av bil eller tog, av sjukdom eller andre årsaker.

På same tid i fjor var talet 5320 rådyr, syner tal frå Hjorteviltregisteret.

Les også Vil stoppe påkøyrslar av vilt med fôring

Kjell Bakken forer elg

– Ein fortvila situasjon

Ved Gjennestad hagesenter i Stokke kjem det stadig inn hageeigarar som treng råd for å halde rådyra unna.

– Det er mange kundar som kjem fortvila inn nå etter at rådyra har ete opp krokusen og tulipanane.

Krokus spis av rådyr

Krokusane som var så fine i kveldinga, kan vere vekk morgonen etter dersom rådyr har vore på ferde.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Kanskje har dei planta på gravstadene, og så har det blitt stygt der og. Det er ein litt fortvila situasjon, seier gartnar Geir Mellingen.

Han synest synd om dyra som har hatt ein tøff vinter, men seier det finst råd.

Saueull, blodmjøl, Revira (brende lecakuler) og å sprute dei vekk med vatn kan hjelpe, men berre ei stund.

Geir Mellingen, gartner Gjennestad hagesenter

Gartner Geir Mellingen ved Gjennestad hagesenter seier mange kundar nå kjem inn for å få gode råd mot rådyr.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

– Dei er kanskje litt smarte desse rådyra. Dei finn ut at denne saueulla ikkje var nokon ulv likevel. Dei vender seg til det.

Blir dei fortvila nok, kjem dei inn i hagen likevel, seier han.

Men det er von i å vente på våren.

– I tillegg skjer det nye ting i skogen. Det spirer fram nye skot, og rådyra vil mykje heller ha nye ferske bjørkeskot enn å gå inn på trappa di.

Rådyr spiser fuglematen

Dei er søte, men svoltne, og nå et dei rett frå frøautomaten til fuglar og.

Foto: Anette Torjusen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog