15 prosent av all smitte i Noreg det siste døgnet er påvist i Skien og Porsgrunn.
Ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet var det 45 personar som fekk påvist korona i Skien torsdag. Talet var 19 i Porsgrunn.
I desse kommunane er det rett og slett for mykje kontakt mellom menneske. Det seier assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad.
– Smitten spreier seg i nye miljø i desse byane. Det tek tid å få oversikt og kontroll, men det er fullt mogleg å slå det ned. Kommunane jobbar godt med det, seier han.
Espen Rostrup Nakstad seier dei følger nøye med på smittesituasjonen i Skien og Porsgrunn.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRKHundrevis møter ikkje opp
Men om folket i Skien og Porsgrunn gjer ein god nok innsats for å slå ned smitten, kan det setjast spørsmålsteikn ved.
Dei siste dagane er det mellom 400 og 450 personar som ikkje har møtt opp til timen dei hadde bestilt for å ta koronatest.
Samtidig har NRK vorte kontakta av fleire som seier dei må vente fem dagar for å få time til testing.
– At så mange ikkje møter opp, gjer at ventetida på test blir unødvendig lang. I tillegg til at verdifull kapasitet ikkje blir utnytta, seier kommunalsjef i Skien kommune, Erik Nordberg.
Erik Nordberg i Skien kommune seier dei jobbar på spreng for å få smittetalet ned.
Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRKVeit ikkje kva som er grunnen
Kommunen opplyser at nokre av tilfella er dobbeltbookingar.
Grunnen er at skulen bookar time for heile klassar, samtidig som elevar bestiller eigne timar i tillegg.
– Det forklarer berre ein liten del av det. Per no forstår vi faktisk ikkje kvifor dette talet er så høgt. Vi jobbar for å finne ut av det, seier Nordberg.
Vurderar å stengje ned Grenland igjen
Samtidig som smitten i Skien og Porsgrunn aukar kraftig, har ordførarane vore heilt uenige om kva smittevernreglar som skal gjelde.
Avdelingsdirektør Line Vold i FHI seier det er viktig at ein testar seg for å avdekkje smitte. Det gjer det enklare for kommunane å setje inn gode og førebyggjande tiltak.
– Vi oppfordrar til at kommunane må komme til semje om tiltaksnivå, vi har tiltru til at det vil følgjast opp, seier Vold.
Porsgrunn ønsker å innføre det nest strengaste tiltaksnivået, men har bestemt seg for å vente og sjå kva Skien bestemmer seg for.
Skien vil diskutere strengare smittevernreglane igjen måndag.