Hopp til innhold

Rykker ut på falske brannalarmar 150 gonger i døgnet

I fjor vart det sett ny rekord i talet på utrykkingar som var unødvendige. Éi utrykking kan koste opp mot 16.000 kroner.

Når alarmen går må dei tilsette på brannstasjonen sleppe alt dei har i hendene og springe til brannbilen.

Sjåføren kler på seg utenfor brannbilen. Sko og klær ligger klare på gulvet foran bildøra.

Det gjeld å få kleda fort på seg.

Foto: Mette Stensholt Schau / NRK

På golvet rundt brannbilen ligg det små haugar som består av støvlar, ullsokkar, bukser og genserar.

Det er berre å hoppe i kleda, dra på jakka som ligg klar i setet og komme seg ut så fort som mogleg.

Porten går opp, blålyset blinkar. Ofte kan dei berre snu etter kort tid.

– Kvar alarm er ein unik alarm, seier brannmeister Arne Steinbo på brannstasjonen i Tønsberg.

Brannmester Arne Steinbo foran en rød brannbil

Brannmeister Arne Steinbo seier kvar utrykking opplevast som ekte, heilt dei får kontrabeskjed.

Foto: Mette Stensholt Schau / NRK

Dei kan ikkje vite når det er alvor.

Kurs, trening, vedlikehald av utstyr, øvingar og matpausar blir brått avbrotne.

Mest falske meldingar

Til saman hadde brannvesenet 40.000 oppdrag på brann, ulykker og anna i fjor.

Men nesten 55.000 av brannmeldingane i 2022 var i kategorien «unødvendige eller falske». Det viser tal frå Brannstatistikk.no .

Det er rekord.

Dei fleste er såkalla automatiske brannalarmar frå institusjonar, sjukehus, leilegheitskompleks og andre med alarm kopla rett til brannstasjonen.

Slurv og mangel på vedlikehald

Det er mange årsaker til at automatiske brannalarmar blir utløyste utan at det brenn.

Matlaging, oppussing, arbeid på elektriske anlegg og mykje meir.

– Vi ser at det ofte blir utløyst av handverkarar. Støv frå bygging kan vere nok til at alarmen går, seier brannsjef Per Olav Pettersen i Vestfold interkommunale brannvesen.

Då er det rutinane hos bygningseigar som sviktar, meiner Pettersen. Vedlikehald av alarmsystemet blir det også slurva med, ifølgje brannvesenet.

Nokre bygg er gjengangarar og då kan eigar få beskjed om å skjerpe seg.

Kostar tid og pengar

Ved brannstasjonen i Tønsberg er det alltid nokon på jobb. Verre er det på stasjonar som må bemannast av folk som blir kalla inn frå heimen eller jobb.

– Det kostar fort 16.000 kroner kvar gong dei blir kalla inn, seier Pettersen.

Johan Marius Ly, Dsb

Avdelingsdirektør Johan Marius LY seier alle unødvendige utrykkingar er belastande.

Foto: Anita Andersen / DSB

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier det er altfor mange unødvendige utrykkingar.

– Det er belastande for mannskapa, dei køyrer tunge utrykkingsbilar i tettbygde strøk og viss det kan forseinke ei utrykking som skjer samtidig, seier han.

Talet på unødvendige utrykkingar har stige dei siste åra og han skulle ønske det heller gjekk ned.

Ikkje berre negativt

Brannsjef Pettersen seier at dei hadde rundt 1200 slike automatiske alarmar i fjor.

Berre 20 var ekte brannar.

Per Olav Pettersen, Brannsjef i Vestfold Interkommunale Brannvesen (VIB)

Brannsjef Per Olav Pettersen håpar det kan bli færre falske brannmeldingar.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

Men dei 20 gjorde at brannvesenet kom tidleg fram og fekk stoppa det som kunne utvikla seg og gjort mykje skade.

– Så det er samansett og ikkje berre negativt, seier han.

Redda fleire liv i fjor

Brannvesenet rykker også alltid ut på brannalarmar som er utløyste via tryggleiksalarmar, fortel Pettersen.

Dei er viktige, sjølv om dei også kan vere falske.

– Vi redda tre–fire liv i fjor, seier han.

Det koker ned til 760 unødvendige utrykkingar i hans område, som han meiner kunne vore unngått.