Hopp til innhold

Rekninga for fylkesskilsmisse blir stadig større: – Unødvendig bruk av pengar

Jobben med å splitte fylke og kommunar er i gang. Prislappen ligg no på 800 millionar kroner. Pengar som mange meiner kunne vore nytta andre stader.

Kristian Brokeland Holst og Kalle Bredegg Hermansen

Kristian Brokeland Holst (18) og Kalle Bredegg Hermansen (17) vil heller ha fleire lærarar enn splitta fylker.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Dette er jo ikkje framtidsretta. Pengane vil ikkje kome korkje barn, unge, eldre eller sjuke til gode, seier stortingsrepresentant for Høgre Mahmoud Farahmand.

Han møter NRK utanfor Porsgrunn vidaregåande skule. Ein av mange skular han meiner det offentlege skal bruke pengar på, i staden for å splitte fylke og kommunar.

– Vil gå utover tenester

Ein oversikt viser at det vil koste 800 millionar kroner å gjennomføre alle dei planlagde skilsmissene. Regjeringa har også berre sett av 200 millionar kroner i statsbudsjettet til splittinga, noko som har sådd tvil om finansieringa.

Mahmoud Farahmand

Stortingsrepresentant Mahmoud Farahmand foran Porsgrunn VGS.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er ikkje sett av pengar i statsbudsjettet, og viss fylka blir splitta no så vil det gå ut over tenestene fylka leverer, seier Farahmand.

Vestfold og Telemark fylkeskommune skal be regjeringa om nesten 150 millionar kroner som dei treng til å skilje fylket. Prislappen har allereie auka. I vinter var splittinga av fylket rekna til å koste mellom 80 og 100 millionar kroner.

Vestfold og Telemark fylkeskommune

Kostnader når fylket skal splittast

Sveip for å sjå nokre av kostnadane som kjem når Vestfold og Telemark skal splittast. Tala er henta frå søknaden fylkeskommunen skal sende til departementet.

Datasystem

Tilpassing av nødvendige IKT-systemer: 66,3 millionar

Vestfold og Telemark fylkeskommune reknar med at det vil koste over 66 millionar kroner å få på plass ny informasjon- og teknologikommunikasjon når fylka blir splitta.

Nytt skilt

Skilting av bygg og eigedom: 10, 9 millionar kroner

Fylkeskommunen treng nestan 11 millionar til nye skilt. Omlag 6 millionar til å skilte bygg, og nestan 5 millionar til å skilte vegar, trafikkinformasjon og bussar.

Fylkesvåpen Vestfold og Telemark

Grafisk omprofilering: 2, 8 millionar kroner

Nye grafiske løysingar til dei nye fylkeskommunane ligg an til å koste nestan 3 millionar kroner.

Vestfold og Telemark Fylkeskommune kan skilles men det koster

Informasjon til innbyggarar og tilsette: 1,4 millionar kroner

Informasjon til eigne tilsette kan koste over 1,1 million kroner. I tillegg reknar fylkeskommunen med å bruke 300 000 kroner til informasjon til eigne innbyggarar. Til saman er det sett av over 1,4 millionar kroner.

Kritiske til pengebruken

– Desse pengane kunne blitt bruka på utruleg mange andre bra ting. Det har allereie kosta masse pengar å setje saman desse fylka. Så skal ein bruke mange millionar på å splitte dei opp igjen. Det er unødvendig bruk av pengar, seier Kalle Bredegg Hermansen som er elev ved Porsgrunn vidaregåande skule.

Han og medelev Kristian Brokeland Holst syntest det er rart at politikarane skal bruke hundrevis av millionar på å skilje fylka. Sjølv opplever dei ein skulekvardag med pressa økonomi.

– Pengane kunne heller vore bruka på lærarar, seier Holst.

– Me har jo ikkje fysiske bøker lenger, og sjølv fekk eg ikkje det programfaget eg ønskte meg dette året, seier Hermansen.

Overforbruk

Rektor Kai Magne Bråthen har nyleg lagt fram dei økonomiske resultata for skulen i Porsgrunn. Tala er knallraude, og han fryktar det vil bli verre.

– I beste fall har me eit overforbruk på 3 millionar kroner. Signala eg har fått er at økonomien vil bli strammare når fylka er splitta opp igjen også, seier Bråthen.

Bråthen, som også er medlem av Høgre, meiner splittinga ikkje burde skjedd.

– Er det rektoren eller høgrepolitikaren i deg som meiner at splitting er ein dårleg ide?

– Definitivt rektoren. Dette kjenner me på kroppen kvar einaste dag, og der me kjenner det mest er på økonomien. Dette kjem til å svi, seier Bråthen.

– Toget har gått

Prosessen med å splitte fylke og kommunar er allereie i gang. Men Farahmand meiner det er mogleg å stoppe skilsmissene.

– Stortinget kan bestemme det, men initiativet må kome frå dei enkelte fylkeskommunane, seier Farahmand.

Ordførar i Sandefjord Bjørn Ole Gleditsch (H) meiner partikollegaen kjempar ein tapt kamp.

– Det toget har gått frå perrongen. Ein har søkt og fått godkjent skilsmissa. Arbeidet er sett i gang, seier Gleditsch.

Ordfører i Sandefjord, Bjørn Ole Gleditch.

Bjørn Ole Gleditch er ordførar i Sandefjord kommune.

Foto: Robert Hansen / NRK

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet har tidlegare sagt at pengebruken ikkje må vere overdriven når ein skal splitte fylka.

– Me har vore tydeleg på at kostnadene skal vere nøkterne, og knytt til det som er absolutt nødvendig i delingsprosessen. Utgifter ein kan unngå, blir ikkje kompensert, sa Gjelsvik til NRK 12. oktober.

Fylka og kommunane må sende inn krav om pengar til regjeringa innan 8. november. Regjeringa vil vurdere å løyve pengar til fylkesskilsmissene i seinare års budsjett om det skulle vere nødvendig.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark