Hopp til innhold

Preben (53) kan miste assistenten sin: – Liv eller død for meg

Preben Amundsen frå Skien har cerebral parese, og er avhengig av rullestol. No står han og mange andre med funksjonsnedsetting i fare for å miste dei faste assistentane sine.

Preben Amundsen i Skien bystyret.

AVHENGIG AV RULLESTOL: Preben Amundsen er redd for å miste den personlege assistenten sin.

Foto: Anita Moland / NRK

– Mistar eg assistenten min betyr det 70 prosent isolasjon. Det er trist at politikarane tenker at dei kan spare pengar på oss. Vi ynskjer jo berre å vere som alle andre, seier Amundsen.

Skien kommune skal fornye kontrakten med private leverandørar av brukarstyrt personleg assistanse, BPA.

Det skal også dei andre grenlandskommunane, Bamble, Siljan og Porsgrunn.

Les også Blinde Sylvi: – Føler meg utestengt fra hjembyen

Sylvi Nilsen henter kaffe på kjøkkenet i leiligheten i Arendal. Hun klarer mye selv, men har også behov for en del hjelp. Den hjelpen får hun ikke om hun flytter til hjembyen Skien.

– Ingen seriøse vil ta jobben

Uloba er ein ideell organisasjon for funksjonshemma og er også ein av leverandørane av BPA til Skien kommune.

Ifylgje Uloba er snittprisen for assistentar i Noreg på 481 kroner i timen.

Til samanlikning betalar Holmestrand kommune 489 kroner, medan kommunane i Grenland foreslår ein pris på 442 kroner i timen.

Uloba har ei tariffavtale med Fagforbundet, noko som gjer at tenesta fungerer hundre prosent, fortel Preben Amundsen.

– Assistenten min er det verktøyet eg treng for å fungere. No er eg redd for at prisen skal bli så låg at dei ikkje lenger klarer å levere den tenesta me har i dag. Du får ingen seriøse leverandørar til å godta ein så låg pris, hevdar Amundsen.

– Heilt vilt

53-åringen har sete i rullestol i ti år, og er avhengig av ein personleg assistent til heilt vanlege gjeremål i kvardagen.

– Med assistent klarer eg å leve eit liv, og koma meg opp om morgonen. Eg treng hjelp til alt, frå å dusje til å kle på meg.

Grenlandskommunane foreslår også å innføre reiserestriksjonar.

Det vil seie at dei som får BPA ikkje kan opphalde seg utanfor sin eigen bustadkommune lenger enn to veker samanhengande.

Ynskjer dei ein ferietur på meir enn to veker, må dei søkje kommunen om det.

– Det er også heilt vilt. Det er ei avgrensing vi kjem til å lide av. Dei gjer jo ikkje dette mot andre folk i samfunnet. Dette handlar om livet mitt, det er liv og død for meg, seier Amundsen rørt.

Preben Amundsen med sin assistent i bystyret i Skien.

Fleire med nedsett funksjonsevne møtte opp då politikarane i Utvalg for helse og velferd i Skien skulle behandle saka om ny kontrakt for private BPA-leverandørar.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Møtte opp for å protestere

Saman med fleire med nedsett funksjonsevne var Amundsen til stades då Utvalg for helse og velferd i Skien hadde saka om ny BPA-kontrakt til behandling førre veke.

Dei ynskte å vise politikarane kven dei er. Menneska bak saka dei skulle ta stilling til.

– Eg er så spent på kva dei bestemmer seg for. Eg har ikkje sove på to døgn, så eg er litt sliten no. Eg håpar me snart kan slutte med desse kampane for rettferd, for det er veldig hardt for psyken vår, seier Amundsen.

Utsette saka

Preben Amundsen må leve i spenning enda ei stund.

Politikarane i Skien tok ikkje stilling til forslaget, og eit einstemmig utval sende saka tilbake til administrasjonen.

Kommunesommel gir lange sykehuskøer

Karianne Hansen i Framstegspartiet i Skien.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Utvalsleiar i helse og velferd, Karianne Hansen (Frp), seier at dei vil sikre at dei tilsette i BPA-ordninga får tariffesta lønn og arbeidsvilkår.

– Foreløpig har vi ikkje nok informasjon til å vite kva som er rett. Saka må greiast ut meir, slik at me er sikre på at me gjer eit rett vedtak, seier Hansen.

Hei

Takk for at du leser. Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog