SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Torsdag skal Fylkestinget i Telemark skal avgjere korleis overskotet frå bompengane i Grenland skal fordelast.
Og fylkesrådmannen foreslår nokon endringar i forhold til forslaget frå Statens Vegvesen.
Ikkje midtrekkverk på E 18
Det er i stor grad Porsgrunn kommune som kan klappe i hendane, for fylkesrådmannen sitt forslag til fordeling av bompengane.
Midtrekkverket på E-18 mellom Telemarksporten og Hovet-tunnelen er teken heilt ut av forslaget.
Samstundes meiner Fylkesrådmann Fiona Thorvaldsen at Skien kommune sjølv må betale ein million kroner for gang- og sykkelveg i Flakvarp.
Porsgrunn får ekstra millionar
Dermed kan sju millioner kroner bli fordelt på andre prosjekt.
Det betyr at Porsgrunn får tre millionar kroner ekstra til byggingen av gang- og sykkelvegbru, og ei utbyggingen av krysset Brattåsvegen og riksvei 354, Breviksvegen.
Kommunen treng difor berre å stille med ein million kroner kroner sjølve for denne utbetringa.
Porsgrunn får også tre millionar kroner i hjelp til å bygge rundekjøring i krysset mellom Vallermyrvegen og Kjølnes Ring.
Nødvendige omprioriteringar
Fylkesrådmannen meiner også at det skal løyvast 500.000 kroner ekstra til gatelys på E-18 i Bamble, samt 500.000 kroner ekstra for tilrettelegging for ekspressbussar langs E-18 i Porsgrunn og Bamble.
- Dette er nødvendige omprioriteringar for å sikre trafikktryggleik, kollektivtrafikk og for å gjere det lettare å kome fram, meiner fylkesrådmannen.
Men det er Fylkestinget som til slutt avgjer kva overskotet av bompengane skal brukast til.