Hopp til innhold

Suspendert politimann kan få avskjed

Tilsettingsrådet ved Telemark politidistrikt kan i nær framtid reise avskjedssak mot politimannen som er sikta for drap på Linn Madelen Bråthen.

Rita Kilvær.

Politimeister Rita Kilvær seier at suspensjonen av politimannen som er sikta for drap på Linn Madelen Bråthen inneber at det er grunnlag for å reise avskjedssak i tilsettingsrådet.

Politimannen blei suspendert frå stillinga den 13. august. Han blei først sikta for falsk forklaring. Den 16. august blei siktinga utvida til forsettleg drap. Linn Madelen Bråthen blei funnen død den 3. august ved Sandøya.

Det er tilsettingsrådet ved Telemark politidistrikt som må ta stilling til om det skal reisast personalsak mot politimannen med krav om avskjed frå stillinga.

Tilsettingsrådet i politiet må innan 6 månader ta stilling til om det skal reisast sak, eller ikkje. Rådet kan også ta stilling til om dei vil forlengje suspensjonen.

Vi har ikkje tatt stilling til når det eventuelt blir reist sak, seier politimeister Rita Kilvær ved Telemark politidistrikt.

Rita Kilvær

Politimeister Rita Kilvær ved Telemark politidistrikt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Politiet i Telemark gjer ikkje eigne undersøkingar i saka. Det er Vestfold politidistrikt og Spesialeininga for politisaker som etterforskar saka, og politiet i Telemark er avhengig av informasjon frå denne etterforskinga for å reise personalsak.

Vi har ein rett etter straffeprosessloven for å få opplysningar som er relevante i ei personalsak. Men vi kan ikkje gå inn og gjere undersøkingar sjølve, seier Kilvær.

– Grunnlag for avskjedssak

Vestfold politidistrikt har avslutta etterforskinga, og har sendt saka til statsadvokaten som avgjer om det blir reist tiltale.

Dersom det blir tiltale endrar saka karakter. Det betyr at påtalemakta er overbevist om at den sikta har gjort det han er tiltalt for, og at det er mogleg å få han dømt i retten.

Spesialeininga for politisaker har enno ikkje avslutta si etterforsking, men det er venta at den blir klar i næraste framtid. Resultatet av denne etterforskinga vil også vere med i vurderinga i ei eventuell personalsak.

Kilvær seier at det er under fortløpande vurdering på kva for grunnlag og på kva for tidspunkt ei eventuell avskjedssak kan bli reist.

Politimeisteren understrekar at politiet i denne saka har eit regelverk og prosedyrar som dei må følgje.

Men det ligg i vedtaket om suspensjon at det er grunnlag for avskjedssak, seier Kilvær.

Politimannen har i avhøyr innrømt å ha gitt falsk forklaring til politiet. Han blei også først sikta for falsk forklaring, før siktinga blei utvida til forsettleg drap på Linn Madelen Bråthen.

– Ikkje grunnlag for avskjedssak

Arne Lie

Arne Lie er forsvarar for den sikta politimannen.

Foto: Rune Jensen / NRK

Tilsettingsrådet i politiet må også vurdere om falsk forklaring til politiet er tilstrekkeleg til å reise avskjedssak etter tenestemannslova.

Det lokale tilsettingsrådet har fem medlemmer; to representantar frå administrasjonen, to representantar for tenestemennene samt politimeisteren som er rådets leiar.

Forsvar for den sikta politimannen, Arne Lie, seier at han ikkje har drøfta suspensjonen og ei eventuell avskjedssak med klienten sin. Den sikta politimannen har innrømt å ha gitt falsk forklaring i saka.

Han har gitt uttrykk for at han meiner det i seg sjølv ikkje er grunnlag for ei avskjedssak, seier Lie.

Men Lie understrekar at det viktigaste for den sikta politimannen er at siktinga for forsettleg drap blir lagt bort og at statsadvokaten ikkje finn grunnlag for tiltale.