Hopp til innhold

Politihøgskolen gav 3,5 millionar i bonus til dei tilsette: – Umusikalsk i ei tid som dette

Næringslivet reagerer på at tilsette ved Politihøgskolen fekk bonus frå den statlege arbeidsgivaren sin i november: – Det splittar samfunnet, meiner pubeigar Michail Siouzios.

Politihøyskolen i Oslo

DELTE UT BONUS TIL DE TILSETTE: Politihøgskolen har delt ut 3,5 millionar kroner til dei fagtilsette.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Medan ei rekke private bedrifter og tilsette fryktar for framtida, valde Politihøgskolen å for første gong dele ut opptil 10 000 kroner i bonus til sine tilsette.

Det var rektor Nina Skarpenes som fremja forslaget om ein ekstra kompensasjon til dei tilsette i november. Dette etter diskusjon med fagforeiningane.

I grunngjevinga heiter det at «det har vore utvist ein vilje og evne til ekstra innsats av alle tilsette» i korona-perioden.

– Forslaget blei samrøystes vedteke av styret ved Politihøgskolen (PHS), opplyser ho til NRK.

Kvar tilsett fekk dermed utbetalt ei godtgjersle på opptil 10.000 kroner før skatt, avhengig av stillingsbrøk.

I styrevedtaket står det at det er «mindreforbruk inneværende år som gjør tiltaket mulig».

Politihøgskolen har 335 tilsette fordelt på totalt fire utdanningsstader i Oslo, Bodø, Stavern og Kongsvinger.

– Umusikalsk

At offentlege arbeidsgivarar deler ut bonusar under pandemien, får fleire i det private næringslivet til å reagere.

– Vi opplever at det er litt umusikalsk, seier Joachim Dagenborg.

Han er kommunikasjonssjef i bransjeorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter -SMB.

Joachim Dagenborg, Kommunikasjonssjef SMB

Joachim Dagenborg, kommunikasjonssjef i bransjeorganisasjonen SMB.

Foto: Tomas Berger / NRK

Han understrekar at dei unner den enkelte tilsette ein ekstra slant. Det er valet av tidspunkt organisasjonen meiner er lite heldig.

Under pandemien har svært mange bedrifter, spesielt innanfor restaurantbransjen, hamna i ein enormt vanskeleg økonomisk situasjon, seier Dagenborg.

Ifølgje ei fersk undersøking frå NHO Reiseliv vurderar 71 prosent av deira medlemsbedrifter sin eigen situasjon som dårleg.

– Da skulle ein kanskje tenkje at offentlege arbeidsgjevarar kunne vere litt meir kjenslevare, meiner han.

Fleire har gjeve bonusar til sine tilsette

Fleire offentlege arbeidsplassar har utbetalt bonusar til sine tilsette under pandemien.

Blant dei Statens vegvesen og Oslomet.

Statsforvaltaren i Trøndelag gav sine 270 tilsette eit eingongsbeløp på 5.000 kroner kvar i 2020, skriv Trønderavisa.

Meiner samfunnet blir splitta

Michail Siouzios, dagleg leiar og medeigar av puben Telerock på Notodden, er samd med SMB når det gjeld utbetalingar av bonusar frå Politihøgskolen.

– Ein kjenner seg heilt ubetydeleg som bedriftseigar, seier han oppgitt til NRK.

Dei to siste åra har han, som mange andre i bransjen, måtta stengje fire gonger.

Med skjenkjestopp har det ikkje vore mogleg å halde ope.

– Det er ingen som kjem hit for å drikke brus klokka elleve om kvelden, sukkar han.

All eigenkapital er brukt opp, fortel pubeigaren.

– No er det ganske dramatisk.

Michail Siouzios stengt den populære puben Telerock på Notodden fire ganger

OPPGJEVEN: Michail Siouzios har kjent pandemien tett på kroppen som eir av puben Telerock på Notodden. Han meiner bonusar i det offentlege tek seg dårleg ut når mange andre slit.

Foto: Martin Torstveit / NRK

At det blir delt ut bonusar til dei tilsette frå ein offentleg arbeidsgivar under pandemien, synest han er provoserande.

Ikkje fordi han ikkje unner dei pengane, men tidspunktet meiner han gjev heilt feil signal overfor private næringsdrivande over heile landet.

– Det splittar samfunnet, seier han.

– Veldig stor innsats

Grunngjevinga for den ekstraordinære utbetalinga ved Politihøgskolen dreier seg mellom anna om overgang til undervisning på digitale flater, seier rektor Nina Skarpenes til NRK.

– Det har vore ein veldig stor innsats frå dei fagtilsette gjennom heile denne perioden, seier ho.

Nina Skarpenes

Nina Skarpenes, rektor ved Politihøgskolen.

Foto: Sunniva Linjord / nrk

– Kva er reaksjonen din på at SMB kallar tidspunktet for utbetalingane umusikalsk?

– Det er mange som har hatt det tøft og jobba hardt under pandemien. Det har òg tilsette på Politihøgskolen. Vi vurderte det slik at det var rett å gi denne ekstra kompensasjonen for den innsatsen som tilsette har lagt ned for å sikre at studentane kom gjennom på normert studietid.

Rektoren stadfestar at bonuspengane var innanfor budsjettet deira i fjor, og at pengane kunne ha blitt overført til årets budsjett. NRK har fått innsyn i vedtaket frå styret til Politihøgskolen:

Vedtak

Vedtaket frå styret til Politihøgskolen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark