Hopp til innhold

Ny E18 gjennom Kragerø gjorde at Linda måtte flytte – kan ha vore unødvendig

23 huseigarar måtte selje husa sine til Nye Veier for å gjere plass til ny E18-trase frå Bamble til Tvedestrand. Det kan ha vore forgjeves.

Linda Jensen, følte seg tvunget til å selge huset sitt til Nye Veier i forbindelse med planene for ny E18.

SELDE: For Linda Jansen var dette draumehuset for henne og sonen. Der hadde ho også to utleigeleilegheiter. Ho følte seg tvinga til å selje til Nye Veier.

Foto: Vigdis Hella / NRK

– Nye Veier burde venta med å be folk om å flytte, seier Linda Jensen.

Ho er ein av huseigarane som måtte selje huset sitt til Nye Veier i fjor.

Ny E18 forbi Kragerø er utsatt. Linda Jensen måtte selge huset sitt

SAKNAR: – Eg saknar plassen, det gjer eg absolutt, seier Linda Jensen. Ho tittar inn i huset ho måtte flytta frå i november.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Den nye E18 mellom Bamble og Tvedestrand er planlagt rett nedanfor huset, og Jensen fekk beskjed om at ho mest sannsynleg måtte flytte på grunn av støy.

Før helga blei det klart at Nye Veier vil utsetje bygginga.

Årsaka er at vegen kan bli minst 3,5 milliardar dyrare enn Stortinget har vedtatt, dersom alle innspela frå dei berørte kommunane skal bli høyrde.

I tillegg blir det stilt større krav til berekraft og miljø.

Utsett i fleire år

På Gjerdemyra i Kragerø har Nye Veier planar om eit nytt E18-kryss og ein heilt ny vegtrase.

Nå kan planane bli utsett i 2–3 år, eller ikkje bli noko av.

Linda Jensen kan nesten ikkje tenke på det. Ho flytta i hui og hast i november i fjor.

Ny E18 forbi Kragerø er utsatt. Linda Jensen måtte selge huset sitt.

UTSETT: Den nye E18 er planlagt her ved søppeldunkane der Linda Jensen budde, og avkøyringa over oppkøyrselen i bakken. Nå er planane utsett.

Foto: LARS TORE ENDRESEN / NRK

– Eg saknar plassen, det gjer eg absolutt, seier ho.

Huset og den romslege tomta i skogkanten var perfekt for henne og sonen. Ho hadde planar om å pusse opp fleire rom og bygge på med veranda.

I tillegg hadde ho to utleigeleilegheiter der.

Nå går ho glipp av 12 000 kroner i månadlege leigeinntekter.

Som aleinemor med uføretrygd er det pengar ho kunne hatt bruk for.

– Hadde eg visst at vi kunne budd her i 3–4 år til, hadde eg spart pengar. Eg blir irritert, forsiktig sagt.

– Dei burde spikra dette og avtalt med kommunen kva som skjedde, før dei bad folk flytte, seier ho.

– Passe sjukt

Så langt er 27 bustad- og fritidseigedomar innløyst i prosjektet. 19 av eigedommane ligg i Telemark, der 15 er bustadhus. Åtte bustader er innløyste i Agder.

Totalt er 250 eigedomar ramma av forslaget til reguleringsplan.

Jørn Kilén Jørgensen og Siri Fossen selde småbruket til Nye Veier fordi dei ville få den nye firefelts motorvegen rett på utsida av huset.

Eiendommen som Jørn Kilén Jørgensen solgte til Nye Veier på grunn av planer for nye E18.

SELDE: Jørn Kilén Jørgensen og sambuaren selde til slutt småbruket til Nye Veier etter at prosessen hadde halde på i fem-seks år.

Foto: PRIVAT

– Både Nye Veier og kommunen har sagt til oss at vegen ville komme her. Det er jo passe sjukt at Nye Veier går til oppkjøp av fleire eigedommar før planane for trasé er godkjent, seier Jørgensen.

Eigedommen deira var på 140 mål og med fleire hundre meter strandlinje til elva.

Usikkerheita rundt busituasjonen hadde halde på over fem-seks år då paret valde å selje.

Jørn Kilén Jørgensen solgte til Nye Veier i forbindelse med ny E18.

PASSE SJUKT: – Det er passe sjukt at Nye Veier går til oppkjøp av fleire eigedommar før planane for trasé er godkjent, seier Jørn Kilén Jørgensen.

Foto: PRIVAT

– Men kjem ikkje vegen her, ja, da er premissane for salet vårt snudd fullstendig opp ned, seier Jørgensen.

Vanskeleg og krevjande

Nye Veier har forståing for at prosessen rundt grunnerverv kan vere vanskeleg og krevjande å gå gjennom, understrekar planprosessledar for E18 Tvedestrand-Bamble, Stian Blindheim.

For at folk skal finne ein ny stad å bu, er dei opptatt av å starte prosessen tidleg.

Det skaper føreseielegheit og mogelegheit til å områ seg for de det gjeld, forklarer han.

Når den nye vegen nå skal vurderast på nytt, kan det bli endringar.

– Sidan reguleringsplanen ikkje er vedtatt, kan det vere at enkelte av bustadene som er innløyste, ikkje var nødvendige å innløyse. Men for å skape føreseielegheit, er det greitt å starte tidleg, seier han.

De neste fem-åtte månadene skal Nye Veier vurdere auka gjenbruk av veg.

– Den prosessen vil svare på litt meir rundt der vegen vil komme, og så får vi vurdere situasjonen rundt kvar enkelt etter det, seier han.

Nye Veier er open for å selje tilbake hus som viser seg at ikkje var nødvendige å kjøpe.

– Men då er vi avhengige av å få eit reguleringsplanvedtak på plass, slik at vi er heilt sikre på at huset ikkje var nødvendig å kjøpe, seier han.

– Kva må huseigarane betale; marknadspris eller prisen de selde for til Nye Veier?

– Dersom det blir aktuelt med tilbakekjøp av bustader, så blir det dialog og vurderingar mellom den enkelte grunneigar og Nye Veier AS i den konkrete saka, seier Blindheim.

Finn Aasmund Hobbesland, direktør for planlegging og drift i Nye Veier, seier at viss det er mogleg å kjøpa tilbake huset, vil Nye Veier vurdera å betala alle kostnader til dei rørte.

Han fortel at Linda sitt hus ligg i eit kryssområde og mest sannsynleg vil bli rørt uavhengig om dei justerer på trasèen. I tillegg legg han til at alle som bli rørte av vegbygginga, får tilbod om advokathjelp på Nye Veiers rekning.

– Slik at alle som blir rørt av ny vegbygging skal bli behandla på ein god måte.

Søvnlause netter

Linda Jensen seier prosessen har ført til stress og søvnlause netter. Ho enda opp med å kjøpe eit mindre hus ein annan stad i Kragerø då ho måtte flytte.

Om Nye Veier likevel ikkje skal rive huset, kan ho tenke seg å flytte tilbake.

– Hadde eg fått moglegheita til å ta det tilbake, hadde eg vurdert det.